Berit Lind skriv i Østlendingen 22. september om; Rollespill om rovdyr. Det er mangt ein kan undre seg over, dette rollespillet er så vist anna enn eit teater med ”rollespill”.

Det er ei utfordrande  realitetshending der  næringsverksemd er den tapande parten. Myndigheitenes ansvarsfråskriving med å skapa ubrukbare innhegn for beitedya med milelange gjerder som er til stort hinder for fri ferdsel i naturen, og hindrar beitedyr både husdyr og vilt.

Berit Lind er rådgivar i Foreininga Våre Rovdyr, og skriv til slut: ”Det er på høy tid å avslutte rollespillet og finne praktiske løsninger for å verne felles naturverdier samt opprettholde beitenæringen hvor  denne er viktig”.

Dette er viktig! Under mange leserinnlegg har eg halde fram at store rovdyr bør takast hand om i innhegn,  som til dømes slik som me ser det på Langedrag og i Vassfaret i Flå. I slike innhegn er dyra fôra og stelt med dagleg, avlen blir kontrollert og dyra unngår dei forferdelege slagsmåla mellom hanndyr i paringstida. Innavl vil vera under kontroll og eventuelle avbare svakheiter lukast ut. (blindskap, aggressivitet og fysiske ulemper) I innhegnet er dyra verna og tilgjengelege for folk som vil sjå dei. Ute i skogen er dette svert sjeldan at ein oppnår. Kostnadane med innhegn og fôring blir sannsynleg rimelegare enn frittlaupande rovdyr  med erstatning for skader og ulemper som dei påførar folk og dyr. Saka er så viktig at det må opp til vurdering og realitets handsaming.

Ola Tronsmoen