Knivleik kan høyrast skummelt ut, men når leiken går føre seg under klåre reglar, er det ingen ting å engste seg for. Mange meldte seg på for å delta, og Edvard Røkkum forklarte meir enn gjerne kva reglane gjekk ut på. Og etter kvart gjekk leiken med liv og lyst med så stor iver at det såg ut til at den ingen ende ville ta.

Dette var ein av aktivitetane under det fjerde og siste onsdagstreffet som har vore arrangert ved Leikvin i løpet av julimånaden. Det starta 6. juli med Fale bygdekvinnelag som arrangør. Deretter fulgte Marys Venner 13. juli fulgt av Sunndal museumslag 20. juli, og til sist altså det fjerde og siste treffet  med Møre Frie Vikingar som arrangør.

Desse treffa har no gått i ei årrekkje, og er utan tvil komne for å bli. Med fire ulike arrangørar får kvart av treffa sitt særpreg, noko som er med på å gje arrangementa ei stor spennvidde.

Og Leikvin i sin finaste sommarskrud og med sitt historiske sus med Vinnu som bakteppe dannar ei framifrå ramme om desse arrangementa. Holtstuo kan vera god å ha i bakhand når veret ikkje spelar på lag. Sist onsdag, med temperatur på over 20 grader, gjorde at ikkje så mange trekte inn der denne gongen. Men mange stakk likevel i det minste innom ein snartur og kjøpte seg kaffe, vaflar med smørgraut og andre forfriskningar, som dei tok med seg til borda ute, der praten gjekk om laust og fast.

Og publikum kom både frå nærmiljøet og frå fleire andre bygdelag – frå Jenstad i aust til Jordalsgrenda i vest.