Radarparet Marianne Meløy og Trygve Brøske er ein fryd å oppleve på scena. Torsdag kveld kunne ein fullsett sal på Gammelfabrikken i Todalen nyte dei dei to proffe scenekunstnarane i rikt monn.

Marianne er nærast eit fyrverkeri på scena når ho setter i gang, og da er det ikkje langt mellom latterkulene.

I teaterstykket “Bunnlinja tek ho oss med på ein tenkt rundtur rundt meløya, der ho tek fram og skildrar daglegdagse problemstillingar som dei fleste av oss kjenner oss att i.

Ho er innom moltemyrane, fuglefjella, ørnejakt, minken, skjellsandtak, slofart, og lurte på kor bunnlinja befant seg både i praksis og reint menneskelag – var ho kanskje på buotnen av kontinetalsokkelen.

I sin raljering av livet på Meløya tok ho for seg både det som var under streken og det som ikkje kom lenger enn til bunnlinja. Kanskje er løysinga tilpasning også for Meløya.

Iallfall var tjuvstarten med “Bunnlinja” ein drømmestart for Stangvikfestivalen, sa leiar Torbjørn Larsen etter førestillinga. – Det er artig å sjå så mange fornøyde publikummarar som det er her i kveld.

Vi er veldig glade for at Marianne og Trygve kom hit for å vise dette teaterstykkjet for oss, seier torbjørn som rett etter førestillinga var i full gang med å demontere og pakke ned lydutstyr.

Gikk du derimot glipp av kveldens suksessførestilling, så er det framleis håp. Til hausten blir den sett opp på Trøndelag teater igjen, etter å ha gått for fulle hus i april.

Stangvikfestivalen fortsett med offisiell opning av festivalen fredag og eit variert program vidare gjennom heile helga.