Nordmøre Husmorskule har nok ein stor plass i hjarta til mange tidlegare elevar. Det var iallfall 70-80 tidlegare elevar og andre med tilknyting til husmorskulen som møtte opp da Halsa Heimbygdlag arrangerte bokslepp i Stornaustet på Halsanaustan.

Prosjektet med å gi ut boka om «Historia til Nordmøre Husmorskule» starta eigentleg i 2014, da Halsa Heimbygdlag tok initiativ til å avfotografere alle skulebileta. Det vart da sett ned ei nemnd som skulle arbeide med å sikre historia til skulen. Det var nok på høg tid at dei kom i gang, for eit halvt års tid etterpå, i juli 2014, brann skulebygninga ned og mykje gammal historia forsvann brannen.

Til alt hell hadde «gammelrektor» Gjertrud Aasbø lånt med seg heim dei gamle fotoalbuma på skulen, og dermed vart mykje unikt fotomateriale frå skuletida berga. - Dette ber da også den rikt illustrerte boka preg av, ettersom det har vore godt tilgang av bilde frå skulen og livet der gjennom heile perioden.

«Historia til Nordmøre Husmorskule» tek for seg historia til skulen frå starten 1921 og fram til 1977, da skulen var vidaregåande skule med fleire linjeval. I boka er den historia attfor den trege starten kome med. - Det tok eigentleg mange år før ein endeleg kom i gang, og den første del av historia til skulen tok for på Øydegard i Tingvoll, der skulen hadde tilhald frå 1921 til 1939. Det var og tillyst kurs i 1940, men det kom ikkje i gang på grunn av krigen.

I 1941 kom skulen i gang igjen, og starta da opp på Halsanaustan der det i mellomtida var bygd ny skule. Skulen vart driven etter omtrent same mønster fram til 1971, da den skifta namn til Nordmøre fagskole i Husstell. Sjølv om namneendringa ikkje kom før i 1971, så kom ho på bakgrunn av at Møre og Romsdal fylkeskommune tok over drifta. Da gjekk også skulen over til 5 dagars veke.

Einar Oterholm, som er forfattar av boka gjekk gjennom boka og fortalte om arbeidet og utfordingane som han og resten av gruppa hadde i arbeidet med boka.

Ein kulturskatt for heile Nordmøre

Boka er ein stor kulturskatt for både Halsa kommune og resten av Nordmøre, så Bernt Bøe som hadde kika litt på boka og skrytte uhemma av boka som inneheld mykje fakta og som er ispedd mykje god humor.   – Boka har også eit fasinerande fotogalleri, der alle klassebileta er med, og i tillegg er det mange bilde som viser livet på skulen, kulturaktivitetane og internatlivet.

Til slutt takka Oterholm sponsorane som har gjort det muleg å gje ut boka.  Her er det i hovudsak Halsa kommune, Tingvoll kommune og møre og Romsdal fylkeskommune som har bidrege i tillegg til lokalt næringsliv og foreningar.