Fylkespolitikar Nils Fløystad (Nordmørslista) er sauebonde på Fløystad i Tingvoll kommune, og går no hardt ut mot rovdyrtilhengarar og rovdyrforvaltninga. I rein frustrasjon posta han eit innlegg på Facebook om dette, eit innlegg som i skrivande stund har fått meir enn 230 «likes» og over 80 delingar.

Les innlegget her

Fløystad fortel litt om bakgrunnen for innlegget. Sjøl har han oppimot 150 vinterfôra sau som han har eit tett og nært forhold til. Som så mange andre snakkar han ofte med sauene sine, både i fjøset om vinteren og når han er med dei i fjellet.

– Eg likar å prate med dyra, slik får vi eit nært forhold. Når eg slepper dei på fjellbeite ønskjer eg dei ein god ferie og fortel dei kvar dei skal gå. Men i år vart det ein kort tale; unnskyld at eg sender dykk ut på beite og fôrar rovdyra med dykk, sa eg.

To gauper i beiteområdet

For med dagens rovdyrsituasjon ser han mørkt på tida framover, når sauene med sine lam skal vere ute gjennom sommaren.

– Sist onsdag vart det fotografert to gauper midt i beiteområdet mitt, der dei hadde teke ein hjort, fortel han. Dette er bekrefta av SNO.

– Det vart funne enda ein død hjort mellom Kanestrøm og Torjulvågen, samt ein som var drepen ein liten 50-meter frå nabohuset her. Det er funne tre-fire døde hjortar til på eit lite geografisk område her no. Eg seier det må dreie seg om gaupe med dårleg nattsyn, i og med at dei er nøydd til å ta byttedyra i skinnet frå utlampa, seier han ironisk. For han tykkjer dei begynner å kome vel tett innpå no.

–Ei gaupe har eit minimumsrevir på 300 kvadratkilometer og tek i snitt eit byttedyr i veka. Tingvoll er 332 kvadratkilometer, det vil seie at ei gaupe hadde gått heilt fint her, men når det blir så mange som det er no så blir situasjonen helt håplaus! Eg reknar med at første lammet mitt i år allereie er teke.

– Har 6 – 8 gauper i Tingvoll

Fløystad ramsar opp alle gauperegistreringar, observasjonar og bilete som er teke av gaupe i Tingvoll siste året, av desse mange samtidig fleire stader i kommunen.

– Eg meiner eg har belegg for å påstå at vi har 6–8 gauper i Tingvoll no, kanskje fleire. Og det er altså 6–8 gonger meir enn det er revirplass til. Så da har vi eit problem! Vi ser gaupespor på innmarka ved husa og vi høyrer den oppi lia her. Det er ein heilt fortvilt situasjon.

No ber han rovdyrtilhengarane bidra litt, eksempelvis ved å donere nokre hundre rundballar.

– Eg driv med siste rundballen no, så da er fjellbeite einaste løysing. Eg kunne naturlegvis hatt dei ute på beite her heime nokre dagar, men da blir det heilt snaubeita her og.

Vanlegvis tykkjer han det er triveleg å sende sauene til fjells, men ikkje i år.

– Nei, i år fekk dei altså ei unnskylding.

Vil ikkje betale rekninga

I ytre Tingvoll, frå Torjulvågen til Kanestraum, har sauebøndene til saman 1500 sauer, og av desse gjekk rundt 1000 på utmarksbeite i fjor, ifølge Fløystad. Tapet var på 150 sauer meir enn "normaltapet", altså i tillegg til det som normalt går tapt.

– Mellom 10 og 15 prosent av dei som gjekk i gaupeområde vart altså borte. Vi er seks-sju saueeigarar her som no går ein spennande sommar i møte.

Han har delteke i mange rovdyrdebattar, men fortel at han aldri teke til orde for å skyte rovdyr. For han og tykkjer at rovdyra er fascinerande dyr, men han er ikkje interessert i å fore dei og betale rekninga for å ha ein natur full av rovdyr.

At rovdyrtilhengarar seier at bøndene må passe på sauene sine og gjerde dei inn, blåser han av.

– Da veit dei ikkje kva det kostar! I fjor sette eg opp eit 4 kilometer langt gjerde her. Det kosta 100 000 kroner, pluss at ti-tolv mann måtte arbeide med dette nokre dagar. Det blir enda 100 000 pluss det. Og når beiteområdet er på 30 000 mål, da blir det kostbart... Dessutan hoppar gaupa lett over eit gjerde, så det hjelper ikkje.

– Eit spel for galleriet

Fløystad påpeikar at med den naturen vi har på Nordmøre er det ikkje verken praktisk eller økonomisk mogleg å gjete sauene.

– Å leige inn nok gjetarar ville til saman krevd minst seks årsverk det, og det skal eg altså betale med slakteoppgjeret?? Når det er sagt; her samarbeider vi godt om oppsyn, i fjor var det i gjennomsnitt to personar ute på oppsyn kvar dag, i tillegg til dei som har hytte i fjellet og liknande.

Han tykkjer dagens gaupeforvaltning er ein vits, med alt for få dyr på kvoten og alt for store forvaltningsområde.

– Det hjelper ikkje for oss at det dett ei gaupe for året i Surnadal eller Halsa. Dersom fjorden ikkje hadde gått her kunne Tingvoll vore ein del av eit større forvaltningsområde, men her bor vi på ei halvøy, så dei gaupene som kjem hit blir verande her, seier han.

Å gi skadefellingsløyve på gaupe meiner han er eit spel for galleriet.

– Det er helt umogleg å finne gaupespor på barmark, så skadefellingsløyve har ingen praktisk verknad om sommaren. Og så blir det bruka mot oss og; «at ikkje klarar vi å passe sauene våre, og heller ikkje å skyte gaupa når vi får løyve».

– Kva skal vi gjere?

Han samanliknar måten sauebøndene blir møtt på hos forvaltninga med å ha lite luft i eit bilhjul.

– Ein tenker at det går sikkert bra å køyre heim frå jobb før ein fyller luft. Det er den haldninga eg føler vi møter; at «vi får sjå korleis det går, det går sikkert bra».

At gaupa er søt og fin å sjå på trur han er hovudårsaka til at mange vil verne den.

– Eg ser ingen som aksjonerer for menneskeloppa? Den er også utryddingstrua. Det same med froskar, salamandere og flaggermus. Det er ingen som går i demonstrasjonstog for desse? Men det er lett å like gaupa, som er søt og liknar på pissi i armkroken.

Som mange andre tykkjer Fløystad det er flott å sjå rovdyr i naturen. Men no meiner han altså det er på høg tid at andre tek sin del av jobben.

– Eg skal passe sauene mine eg, men da får nokon passe rovdyra og! Her handlar det om å drive næring, utnytte ein ressurs. Men no er det helt håplaust, så kva skal vi gjere? Det er spørsmålet. Eg høyrde at dei hadde fått beskjed om å skremme den gaupa som nyleg tok sau i Ålvundfjorden. Så kanskje vi kunne fått eit par hundre rovdyrvernarar til å gå rundt i skogen og rope BØ!?