Fylkesmannen har sett i gang tiltak for å kartlegge kvar svartelisteartane er, og jobbar også med å bli kvitt dei. Naturvernforbundet er glad for at dette problemet får merksemd. Men vi har nokre spørsmål til korleis Fylkesmannen tar tak i dette problemet.

Det går fram av Romsdals Budstikke at problemartane blir sprøyta. Det er mogleg at nokre av desse svartelisteartane må sprøytast bort, men ulike sprøytemiddel har i tur og orden vist seg å vere skadelege i naturen dei også. Ein bør i det minste vere tilbakehalden med sprøytemiddel og heller bruke andre metodar når det går an.

Kjempespringfrø er ei eittårig plante som spreier seg med frø. Når frøa har vore i jorda i to år, spirer dei ikkje lenger. Slår ein springfrø før dei blomstrar og gjentar dette ein runde til så dei ikkje blomstrar på ny seinare på sommaren, har ein unngått frøspreiing. Året etter må ein kontrollere området på ny og fjerne dei plantene som kjem opp. Tredje året er siste gongen dette er nødvendig. Etterkontrollane er nødvendige også om det blir sprøyta. Kjempespringfrø veks ofte i elvekantar og grøftekantar, stader der det vanlegvis er ulovleg å bruke sprøytemiddel.

Rynkerose kan gravast opp om ho ikkje står i ei steinrøys eller i eit område med vinderosjon. Ein må tilbake fleire gonger for å fjerne smådelar som ein ikkje fekk med første gongen. Men etterkontroll er nødvendig også ved sprøyting, sidan frø kan spire etter sprøyting. Det er difor ikkje opplagd at ein må sprøyte for å få bort denne busken.

Kjempebjørnekjeks spreiar seg berre med frø. Viss ein rotkutter denne planta med ein spade og legg plantene til tørk i god tid før blomstring, så vil planta vere vekk og frøbanken ta slutt i løpet av to-tre år. Med sprøyting blir det også nødvendig med etterkontroll, då gifta ikkje tar frøa.

Pestrot og slirekneartar er gjenstridige anten ein gjer det på eine eller andre måten. Ein kan i alle fall ikkje vere trygg på at desse blir borte sjølv om ein sprøyter. I mange høve vil oppgraving og tildekking i fleire år vere eit aktuelt alternativ.

Det viktigaste er likevel at ein ikkje spreier alle desse svartelisteplantene med flytting av jord og t.d. kantslått langs vegane. Dei som køyrer gravemaskin og lastebil veit lite om «forskrift om fremmede organismer» som no har vore i verksemd i halvanna år og som gjeld flytting av jordmassar som kan innehalde frø eller plantedelar av svartelisteartane. Dei spreiar problemartane fortare enn Fylkesmannen klarer å fjerne dei. Her har Fylkesmannen ein jobb å gjere med informasjon. Det er forbode å flytte problemartane, og dette må ein no handheve. Dei som vil vere seriøse og gjere dette skikkeleg må få hjelp frå Fylkesmannen, slik at ikkje dei useriøse kan drive rimelegare enn konkurrentane. Underunderentreprenørane som driv med kantslått veit heller ikkje bestandig kva dei gjer, og spreier artane med kantslått. Vi har spurd nokre som driv med slik reiskap, og dei veit ikkje korleis problemartane ser ut. Her må det strammast inn. Denne jobben må Fylkesmannen sjå til blir gjort, anten ansvaret ligg der eller nokon annan stad. Elles taper vi kampen mot svartelistartane.

Øystein Folden, leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal