Søndag klokka 10 sparka fleire lokale lag i gang sine første kampar under årets utgåve av Norway Cup.

Blant dei var Rindal G16, som møtte Gjerpen Allianse frå Skien på Ekebergsletta. Rindal-trenar Morten Møller var spent på kva som venta rindalingane før kampen.

- Det viktigaste er at gutane klarar å få ut sitt beste, og at vi leverer ein innsats vi kan vere fornøgde med.

Allereie tidleg i kampen vart det klart at Rindal var det beste laget, og etter snaue fem minutt sendte Sander Landsem Kattem kvittrøyene i leiinga. Berre tre minutt seinare auka Martin Bolme Fjerstad til 2-0, medan Landsem Kattem sørgja for 3-0 med sitt andre mål for dagen etter 22 minutt.

Etter den gode førsteomgangen slapp Rindal seg litt ned etter pause, og trass at Møller talte heile 15 sjansar til laget sitt vart det med dei tre scoringane før kvilen. Dermed enda det 3-0 til Rindal, som kontrollerte oppgjeret frå start til slutt.

A-sluttspelet er målet

- Vi fekk ein veldig god start og gjekk tidleg opp til 3-0, og er sjølvsagt fornøgde med å starte med seier. Likevel skulle eg likevel ønska vi ikkje slapp oss ned såpass mykje etter pause. Om det har å gjere med at motstandaren heva seg eller at vi sjølve vart litt for slappe veit eg ikkje, men vi må vere meir skjerpa når vi møter betre lag, seier Møller.

Han fortel at laget har ambisjonar om å gå til A-sluttspelet.

- Det hadde vore veldig artig å klare å nå A-sluttspelet, så det er heilt klart målet no. For Rindalingane ventar no Minde/Kringlebotn i neste kamp. Den går av stabelen måndag klokka 10.00

Stor stas å møte AC Milan

Halsa/Valsøyfjord sitt 7ar-lag i G13-klassa er med på Norway Cup for første gong, og fekk det ein kan kalle ein skikkeleg ilddåp når dei møtte eit akademi frå sjølvaste AC Milan i første kamp søndag.

Italienarane viste raskt at dei var eit veldig godt lag, og tok leiinga 4-0 allereie etter fem minutt. Då dommaren blåste i fløyta for siste gong stod det 10-0 til unggutane frå Milano.

Halsa/Valsøyfjord-lagleiar John Bjarne Gujord er likevel godt fornøyd med det spelarane viste i Norway Cup-debuten.

- Sjølv om vi, som venta, fekk det tøft, kjempa gutane heroisk. Etter at Milan starta forrykande kom vi betre inn i det etter kvart, og gutane tykte det var stor stas å få møte ein storklubb.

- Eg må innrømme at eg er spent på kor langt dette Milan-laget går, eg har ein mistanke om at det er ganske langt, seier Gujord, som trur på jamnare kampar for laget sitt vidare i turneringa.

Seier for Surnadal

Surnadal J13, som spelar 9ar-fotball, er og med på Norway Cup for første gong. I åpningskampen møtte dei Skei, og tok tidleg leiinga ved kaptein Mathea Lysø. Like før pause utlikna Oslo-laget, og dermed gjekk laga til halvtid med 1-1.

Som i den første omgangen starta Surnadal klart best og etter pause, og scoringar av Mari Aasbø Kvande og Emma Halle gav blåtrøyene ei flott 3-1-leiing. Nok ein gong kom imidlertid Skeid tilbake, og fem minutt før slutt scora dei to gonger på eitt minutt, slik at det stod 3-3.

Surnadalingane hadde ikkje tenkt å la seieren gleppe, og to minutt før full tid banka Kaia Vikavoll inn 4-3-målet frå langt hald. Dermed fekk Bjørn Gjeldnes sitt mannskap ein knallstart på årets Norway Cup.