13 seirar, ein uavgjort og seks tap. Det vart fasiten for dei lokale laga på første dag av Norway Cup.

Blant dei yngre laga som spelte kamp søndag ettermiddag vann Surnadal/Søya/Todalen G13 4-2 over Lom/Skjåk, etter tre mål av Vegard Dønnem og eitt av Ørjan Møkkelgjerd. Dei same klubbane sitt G14-lag fekk det tøffare, og tapte 1-6 mot Utleira.

Halsa/Valsøyfjord sitt G14-lag fekk ein fin start på turneringa etter at dei slo Manglerud Star 2-0 i åpningskampen.

Komfortabelt for Sunndal G16 1

Både for Sunndal og Surnadal var dei to eldste laga på gutesida i aksjon søndag kveld, og det vart mykje nordmørsk jubel i hovudstaden.

Sunndal G16 fekk ein flott start då Simen Svanberg Larsen dunka inn 1-0 på eit flott langskot etter 15 minutt, før den livlege vingen Erik Børset, som ellers stort sett var oppteken med å finte backen sin bort i pølseboda, la på til 2-0 etter 17.

Dermed stod det 2-0 til sunndalingane ved pause, og i andre omgang sette Magnus Engdahl inn Sunndal sitt tredje mål frå kort hald etter innlegg frå høgre. Trass ei Abildsø-scoring var seieren aldri trua, og Sunndal tok ein viktig seier før dei møter Lillestrøm 1 og Alunorte Rain Forest i sine to neste kampar.

Dobbel Gjul

På nabobana møtte Surnadal G16 tøff motstand i KFUM-Kam. 1. «Kåffa», som dei kallast på folkemunne i Oslo, ligg på tredjeplass på tabellen i 1. divisjon G16 i Oslo Fotballkrets, men det var Surnadal som tok leiinga. Vegard Gjul snappa ballen frå ein forsvarar, sprang frå alt og alle, runda keeper og sette inn 1-0.

KFUM snudde så til 3-1, før Surnadal skapte ny spenning i kampen med redusering til 2-3. Halvor Heggem Kvande fann Vegard Gjul i bakrom, og Gjul varta opp med ein lekker chip over ein utrusande keeper. Utlikninga kom aldri, og dermed vart det 2-3-tap mot god motstand for blåtrøyene.

Slo Rising Star

For Surnadal/Rindal G19 gjekk det betre, då dei møtte Rising Star til dyst i sin første kamp. Rising Star stod oppført som eit sør-koreansk lag, men spelarane var britiske.

Snaue kvarteret var spelt då Daniel Hagen Eide sette inn 1-0 frå returrommet etter ein corner, før same mann ti minutt seinare slo målgjevande pasning til Eirik Boge. Boge dribla av ein mann og sette ballen heilt nede i venstre hjørne til 2-0.

I andre omgang vart Surnadal/Rindal pressa tilbake, men Rising Star klarte aldri å overliste keeper Robin Tørset Brøske. Dermed vart det 2-0-seier i åpningskampen for samarbeidslaget.

Nyland med fire mål

Seier vart det og for Sunndal G19, som møtte argentinsk motstand i Las Panteras Argentinas. Sjølv om kampen tidvis var prega av tøft spel frå dei argentinske motspelarane, fekk Sunndal det aldri tøft i målprotokollen. Vebjørn Bergem Sørheim scora 1-0, før Chrisander Nyland la på til 2-0 på eit straffespark han sjølv skaffa. Henrik Holten sette inn både 3-0 og 4-0, før A-lagsspiss Nyland like godt scora tre gonger til. Dermed skaffa sunndalingane seg eit svært godt utgangspunkt med ein råsterk 7-0-seier i sin første kamp. I den andre kampen i gruppa vann Hønefoss 5-0 over Langhus, og nettopp Hønefoss er motstandar for Sunndal måndag.

Lokale kampar søndag:

19 ÅR:

Klasse A (Gutter 11er):

Sunndal-Las Panteras Argentinas 7-0

Surnadal/Rindal-Rising Star 2-0

Klasse Q (Jenter 11er):

Nordre Land-Sunndal 1-4

Klasse W (Jenter 7er):

Surnadal/Søya/Todalen-Hommelvik 5-1

15/16 ÅR:

Klasse B (Gutter 11er):

Falkeid-Sunndal 2 1-0

Gjerpen Allianse-Rindal 0-3

Surnadal-KFUM-Kam. Oslo 1 2-3

Abildsø-Sunndal 1 1-3

Klasse R (Jenter 11er):

Tynset-Sunndal 6-0

Klasse U (Jenter 7er):

Surnadal-Froland 9-0

Sunndal-Flaktveit 1-0

14 ÅR:

Klasse S (Jenter 11er):

Kongsvinger-Surnadal 3-1

Klasse F (Gutter 7er, 14 år):

Manglerud/Star-Halsa/Valsøyfjord 0-2

Utleira-Surnadal/Søya/Todalen 6-1

13 ÅR:

Klasse D (Gutter 9er, 13 år):

Årvoll 2-Eidsvåg 0-5

Surnadal/Søya/Todalen-Lom/Skjåk 4-2

Klasse T (Jenter 9er, 13 år):

Skeid-Surnadal 3-4

Klasse M (Gutter 7er, 13 år):

AC Milan-Halsa/Valsøyfjord 10-0

Klasse P (Jenter 7er, 13 år):

Søya-Fossum IF Fighters 2-2

Falkeid-Tingvoll 2-4