Allereie klokka 08.00 starta Surnadal J16-lag sin 1/16-finale i A-sluttspelet i Norway Cup. Motstandar var Træff, som skulle vise seg som ein tøff motstandar.

Surnadal kom best i gang, og allereie etter tre minutt var dei nær scoring då Andrea Naustbakk si avslutning gjekk i stolpen og ut.

Utover i kampen tok Træff meir over, men surnadalingane sin keeper, Kristine Mikkelsen, stod omtrent som ein levande vegg. Gong på gong stoppa ho romsdalingane sine skotforsøk, godt hjulpe av eit solid forsvar.

Heggset matchvinnar

Mål vart det ikkje i løpet av dei to 25 minutt lange omgangane, og dermed var det klart for ekstraomgangar. Der er det første målet vinn, og det var spente jenter frå begge lag som sparka i gong den første av det som maksimalt ville vere to fem minutt lange ekstraomgangar.

Halvanna minutt ut i den første ekstraomgangen vart kampen avgjort.

Andrea Naustbakk fyrte av ei avslutning frå skrått hald litt ute til høgre, og inne framfor mål dukka Oda Heggset opp. Heggset, som deler både keeper- og spissplassen med nemnde Kristine Mikkelsen, styrte skotet til Naustbakk vidare i det venstre hjørnet, utakbart for ein utspelt Træff-keeper.

Dermed vart målvaktene Hegget og Mikkelsen avgjerande i kvar sin ende, og eit hardtkjempande Surnadal-lag er klare for 1/8-finale mot Hødd klokka 17.30 onsdag.

Surnadal G16 slo Nardo

Dei jamngamle surnadalsgutane gjekk og vidare i A-sluttspelet onsdag morgon. 1/64-finalen mot Nardo starta med at Vegard Gjul sette inn 1-0 på pasning frå Kevin Brusethaug, og 1-0 var og resultatet ved pause.

Ni minutt ut i andre omgang la Bjarne Østbø på til 2-0, før Vegard Gjul scora sitt åttande mål i årets Norway Cup, denne gong på pasning frå Vegard Snekvik.

3-0-seier over Nardo betyr at Surnadal G16 no møter Skeid i 1/32-finalen i dag klokka 14.00.