Både Surnadal J14 og Surnadal/Søya/Todalen G14 spelte fredag finale i B-sluttspelet i Norway Cup, jentene i 11ar-fotball og gutane i 7ar-fotball.

Surnadalsjentene, som var i innleiiande pulje med mellom anna Gjelleråsen, som vann A-sluttspelet i fjor, møtte Førde 2 til dyst i finalen.

Det vart tidleg klart at dette var ein tett og jamn kamp, og det var langt mellom målsjansane. Surnadal kjempa seg etter kvart til eit lite initiativ, men ingen av laga klarte å få ballen i mål før pause.

Annullering og raudt kort

Andre omgang startar med at Surnadal og Hedda Aasbø scorar, men målet vert annullert for offside.

Få minutt seinare får Førde eit frispark Surnadal-leiren meiner skulle vore dømt andre vegen, og heile situasjonen endar til slutt med eit Førde-langskot som går i mål. Dermed stod det 1-0 til sunnfjordingane.

Like etter blir det meir dramatikk, når Førde si målvakt brukar hendene, utanfor 16-meteren, til å redde eit skot frå Hedda Aasbø. Raudt kort til sisteskansa, og Surnadal får verkeleg blod på tann.

Mål får dei imidlertid ikkje, og B-sluttspelet i Klasse S i årets Norway Cup endar med seier til Førde 2 og andreplass til Surnadal.

Heldt til pause

Kråkerøy stod på motsett banehalvdel då Surnadal/Søya/Todalen G14 spelte sin B-finale fredag ettermiddag. Frå start av trillar østfoldingane mykje ball, men utan å komme seg gjennom forsvaret til samarbeidslaget.

Eit par minutt før pause kjem Surnadal/Søya/Todalen seg til ein god sjanse, men får ikkje utteljing. Laga er dermed like langt etter 20 av 40 minutt.

I det 24. minuttet går Kråkerøy opp i leiinga på straffespark, og fire minutt seinare aukar dei til 2-0. Surnadal/Søya/Todalen-laget, vel vitande om at dei snudde semifinalen mot Halsa/Valsøyfjord heilt på tampen, ga aldri opp, men i staden for redusering fastsette gjengen frå Fredrikstad kommune sluttresultatet til 3-0.

Sjølv om førstereaksjonen naturleg nok var skuffelse over å ha tapt finalen, tok det ikkje lang tid før gutane klarte å glede seg over mange gode kampar og andreplass i B-sluttspelet.

Norway Cup er dermed over for dei lokale laga for i år.