Initiativtakar Kay Edvin Sættem Nessæther kan igjen invitere folket til konsert på Leikarvollen scene i Bøfjorden grendahus. Han starta med dette for nokre år sidan og konseptet har han altså kalla Leikarvollen Scene, da fotballbanen her og heiter Leikarvollen.

– Eg tenkte eigentleg på å slutte med dette i fjor, for ein blir ganske utlada av det, eg tenker mykje på det på førehand, om det vil bæra seg økonomisk, fortel han. For pengane legg han ut sjølv, så ein kan bli nattvak av mindre.

Dei siste tre åra har han arrangert konsertar med Steffen Jakobsen, Vidar Johnsen og Frode Alnæs, og denne gongen er det altså Odd Nordstoga som er booka, noko Nessæther har drøymt om i lang tid.

– I år har eg endeleg lukkast med å få Odd Nordstoga til å besøke Bøfjorden og Leikarvollen Scene, noko som har vore ein draum sidan eg starta opp med dette konseptet. Med Odd Nordstoga på scena i den intime salen på Bøfjorden grendahus er det duka for ein særs spesiell musikalsk kveld med ein av Norges største artistar, seier Nessæther.

Meir enn halvparten av dei 250 billettane er seld, noko han er godt nøgd med.

– Til å vera så tidleg er dette veldig bra. Eg oppmodar alle om å gå inn på Bøfjordnett og kjøpe billett i god tid. Plassane er nummererte, og dei fremste plassane er allereie oppteke.

Også i år er det Proper Produksjoner med John Ola Ulset i spissen som leverer lyd, lys og utstyr, medan Rasteplassen sørgjer for servering og overnatting for artisten. Surnadal Sparebank, Føniks Vask og Rens og Gjensidige Halsa og Tingvoll stiller som sponsorar.

– Alt dette er eg veldig takknemleg for. Sponsormarkedet er tøft, men utan støttespelarar og sponsorar hadde det nok ikkje gått, seier Kay Edvin. Dette blir elles den største konserten han har arrangert, så han er veldig spent.

– Ja, det er spennande. Det kostar jo mykje pengar dette og eg er sjølv økonomisk ansvarleg, så det er klart eg tenker mykje på om det kjem nok folk til å dekke utgiftene, seier han.

Han håpar naturlegvis på stinn brakke denne kvelden.

– Det er jo på søndag i år, så dei fleste har vel god tid. Eg håpar at mange blir med og skapar stemning slik som i fjor, da var det allsong og full pakke.

Odd Nordstoga treng nok knapt nokon nærmare presentasjon. Vi tek likevel med litt av det som står å lesa på billettsida tikkio.com: Albumet «Dette Landet», med låtar som «Kunsten å gå», «Diesel og Bensin» og ikkje minst tittel-låten «Dette Landet», vart ein av Odd Nordstogas største suksessar til no. Det har vore fulle hus og stormande jubel nær sagt overalt, og no mønstrar han på turnébussen igjen.

Han spelte og inn nokre låtar heime i akustisk versjon i 2016, som seinare vart gjeve ut. Plata heiter «Aleine heime».

Nordstoga har hausta mange prisar for musikktalentet sitt, mellom anna fem spelemannsprisar. Han har og fått fleire prisar for språket sitt.

– 22. oktober får publikum høyre nydelege akustiske songar med Nordstoga, som har med seg både gitar, trekkspel og munnspel. Eg liker at det er enkelt, sjølv om det er tøft med band og, seier Nessæther. Alt ligg med andre ord til rette for ein musikalsk storkveld.