Kvart år deler Møre og Romsdal fylkeskommune ut midlar til ekstraordinære ungdomsaktivitetar i fylket. Ungdomspanelet sørger for denne tildelinga. Tilskotet blir gitt to gongar i året, med ei økonomisk ramme på 250 000 totalt. Ungdomspanelet har altså heile 125 000 kroner å dele ut i desember.

Tilskotet blir gitt til prosjekt som stimulerer til ungdomsengasjement og skal gå til ungdomsaktivitetar som elles ikkje får støtte frå det ordinære budsjettet til fylkeskommunen.

- Ved å gi ut øyremerka midlar til ungdom og ungdomsaktivitetar, håpar vi i ungdomspanelet at vi kan få fram spanande prosjekt som er med på å skape engasjement i ungdomsmiljøa. Midlane kan mellom anna brukast til å sette i gang nye tiltak, og dei kan vere eit verkemiddel som betrar moglegheitene for dei uorganiserte aktivitetane, seier leiar i ungdomspanelet, Norunn Brøste Kjersem, på fylkekommunen si heimeside.

Opp i gjennom åra har midlane vore med på å realisere aktivitetar som mellom anna LAN-samlingar, paintballbane på Smøla, gjennomføring av livredningskurs for ungdom, ungdomsklubb, og turar for ungdom i naturen.

- Desse midlane er tilgjengelege for alle som ønsker å legge til rette for ungdom, enten det er ulike samankomstar eller utstyr til ungdomsklubben. Vi trur at sidan det er ungdom som sjølv fordeler midlane, så har dei ein nærare kjennskap og forståing for kva behov ungdom rundt i fylket har, avsluttar Kjersem.