Kristian Djupnes, kjent frå "Farmen" på TV 2 gler seg stort til  torsdagens kultursjå i regi av Surnadal Heimbygdlag. Der skal han demonstrere fleire dialekter.

- Eg har budd flere stadar rundt om i landet og har eit brukbart språkøyre. Surnadalsdialekta har eg eit spesielt forhold til. Mor mi, Gunn Astrid Røv, er frå Gammelstu Røv. Eg har vore der mange gonger i oppveksten og som vaksen. Både i sommar- og påskeferiane. Så surnadsalsdialekta har eg bra kontroll på. Trur eg.

Han seier han ikkje har full kontroll på det han skal vere med på torsdag kveld utanom å snakke fleire dialekter.

- Eg skal vistnok vere oppsongar på det første verset av Vårsøg... Eg skal og vere med på eit innslag under landbrukskonferansen i Surnadal samme dag.

Kristian Djupnes gjev opphalda på Røv mykje av æra for interessa han har for gards- og fjøsstell. Han er med i BU, og er norsk meister i maskinmjølking fire gonger. Ein kunnskap han ikke har hatt bruk for på Farmen der tida er skruva hundre år tilbake. Djupnes jobbar i dag som landbruksavløysar på ein gard utanfor Gjøvik dit familien flytta for 13 år sidan.

Innspelinga av Farmen-episodane var ferdige for vel ein månad sidan. Djupnes seier opphaldet på garden var interessant. Han vil ikkje bruke ordet artig: - Nei , det er ikkje det rette ordet, men ein lærer mykje under eit slikt opphald.

Djupnes vart adoptert frå ein barneheim i Etiopia da han var åtte månader gammal. Han har ikkje gjort forsøk på å spore opp sine biologiske foreldre.

- Nei, det har eg ikkje noko stor interesse av.