Vegen hadde setningsskadar og var berre open i eitt køyrefelt før utbetringsarbeida starta opp i slutten av september. No er det sprengt bort 10 000 kubikk faste massar og heile vegen er fundamentert på fjell. Det er også lagt eitt lag asfalt på vegen. Rekkverk kjem på plass så snart entreprenøren har ledig kapasitet.

- Det står igjen å legge det øvste asfaltlaget, det vi kallar slitelag. Det gjer vi til sommaren når det er betre vêr og temperaturar for å legge asfalt enn det er no. Det vil heve vegen om lag 12 cm. I tillegg skal vi rydde skikkelig til sommaren når vinteren slepp taket, fortel byggeleiar Johnny Skår i Statens vegvesen.

Det er sprengt og køyrt vekk om lag 1250 lastebillass med stein frå Røv dei siste månadene. Fjellet som står igjen er bolta og sikra.

Statens vegvesen ønskjer å takke alle dei tolmodige bilistane på strekningen, som har vore stengt i lange periodar under arbeidet. Normalt køyrer det 1750 bilar forbi i døgnet, 20 prosent av dei er tungtrafikk.