Spelte inn jula

Det var god stemning i Støgu på Sunndal kulturhus då Sunndal Storband heldt sin årlege julekonsert onsdag 20. desember. Nesten 200 menneske hadde møtt opp for å høyre ny og gammal julemusikk framført av storbandet.
Nye artikler

Konserten vart innleia med storbandet sin versjon av «Deilig er den himmel blå». Med arrangement av leiar Peter Vergeni, var dette verkeleg artig å høyre på. Det er ikkje ofte vi får høyre kjende og kjære julesongar i storbanddrakt. Musikarane sjølve strålte av speleglede, og det var eit skikkeleg volum og fin lyd gjennom heile konserten. Den nye Star Wars-filmen gjekk på kino i naborommet, men desse lydeffektane stoppa ikkje Sunndal storband.

Sunndal Storband hadde også i år med seg mange gode vokalistar. Dei fekk bryne seg på alle typar julemusikk, frå mange ulike stader i verda. Nokon var nye i år, medan andre har vore med lenge. Ein kan jo heller ikkje nemne Sunndal Storband utan å ta med Åge Fossum. Som fast vokalist har han mykje erfaring med sjangeren, og det høyrdest godt. Det var ingen nøling, ingen feil, og rett og slett ei knallbra levering av Åge.


Til å lese dikt og kome med tankar rundt juletemaet, hadde storbandet fått med seg Kristian Lund Silset og Tina Fløystad. Dei las både gamle og nye dikt og tekstar, og det var både tåretendensar og latter i publikum. Med eit dikt mellom kvar song storbandet spelte, var det ein balansert og stemningsfull konsert.

Trioen «The Christmas Sisters» var med Åge på fleire låtar. I år bestod dei av Heidi Engesvik Gjerde, Heidi Vebenstad og Solveig T Sallaup. Dei song fint trestemt, og det var rett og slett fint krydder til mange av storbandlåtane.

Hanna Melkild Vergeni og Jonas Bersås Folde var årets yngste vokalistar. Hanna hadde vore med nokre gongar før, og ho gjorde blant anna ein aldeles nydeleg versjon av «I den kalde vinter». Røysta hennar fylte heile rommet, og det var ikkje tvil om at ho hadde stått framfor eit storband før. Ho song også duetten «Baby It’s Cold Outside» saman med John Rasmus Leinum. Jonas song songen «Santa Claus Is Coming To Town» med ein sjølvsikkerheit få kunne oppvise.


Ein anna duett det er viktig å nemne, var «Fairytale of New York», framført av Dag Bjørbekk og Kristin Skarseth. Dei song veldig flott i lag, og denne songen vart utruleg fin i storbandversjon.

Alt i alt var konserten til Sunndal Storband ei veldig fin oppleving. Med engasjerte musikarar, diktlesarar, solistar og vokalistar var det ein fryd å sete i salen. Og ein ting var sikkert: Viss det stod mellom storbandet og Star Wars, var storbandet definitivt sigerherrar onsdag kveld.

Tekst og bilder: Nora Bæverfjord Rye.