Siste året har Stangvik, Todalen og Åsskard vore utan eigen prest. Difor er det med glede desse kyrkjelydane no tek imot sin nytilsette prest Kristin Strand. Søndag startar ho med  gudsteneste i Åsskard.

Kristin Strand er frå Valsøyfjorden. Etter skulegang i Kristiansund jobba ho på sjukeheim i Oslo, var lærar i Lofoten, tok husmorskulen i Ørsta og studerte historie og samfunnskunnskap i Trondheim. Før ho drog til Odense i Danmark.

I Danmark studerte ho arabisk og islam og vart skribent og frilansjournalist. Blant intervjuobjekta kan ho rekne både forfattaren Suzanne Brøgger og dronning Margrethe!

Studerte teologi i København

Og som mange norske prestar før henne gjennomførte ho sine teologiske studiar i Kongens by København. Oppdrag som vikarprest oppmuntra henne til å satse på kyrkja.

- Eg føler at eg har modnast inn i prestegjerninga, seier Kristin. Godt vaksen vart ho for fire år sidan ordinert - i Vågå kyrkje i Gudbrandsdalen.

Eitt år utan eigen prest

Stangvik, Surnadal og Åsskard har vore utan eigen sokneprest etter at Bernt Venås slutta for eitt år sidan. Første halvåret av 2017 tok evig unge Torbjørn Brøske tenesta.

Etter sommarferien har Kristin Strand gjort fleire tenester i Surnadal og Åsskard. Ho har såleis møtt både folk i staben, konfirmantar og kyrkjelydsmedlemmer her og kjem ikkje til heilt framandt miljø.

Sjølv om begrepet «prestegjeld» no hører historia til, tyder alt på at det er i det gamle Stangvik-gjeldet Kristin Strand vil få storparten av si gjerning i tida framover. Og i Stangvik, Todalen og Åsskard sokn gler folket seg på å ta imot henne.

Startar i Åsskard søndag

Aller først skjer det med gudstenesta i Åsskard kyrkje komande søndag. Der stiller soknerådet med kaffe til eit lite bli-kjent-treff i Kyrkjestua etter messa. Og der har koret Prosjekt 17 lova å berike dagen med kormusikk og ekstra stemmer til salmesongen.

Prost Leif Endre Grutle vil foreta den formelle innsettinga av den nye presten i Stangvik kyrkje søndag 11. februar.

Tekst og bilde er innsendt av Bernt G. Bøe, sekretær i Åsskard sokneråd.