Gratulerer Halsa med to flotte kyrkjebøker, båe utgitt i 2017, «Halsa kyrkje» ved Einar Oterholm og «Fjordafolk til kirke – Kirkehistorie for Valsøyfjord» ved Bernt Gudrunson Bøe.

Eg har hatt gleda av å få dei båe og har studert dei samtidig og samanlikna. Det har vore veldig   interessant.

Dei er svært forskjellige. Først er dei språkleg forskjellige. Det kan kjennast litt underleg at Bernt skriv si bok på bokmål, men eg reknar med at det er i respekt for at bokmål er kyrkjespråket i Valsøyfjord, men ikkje i Halsa. Halsa er eit av tre prestegjelda i Indre Nordmøre prosti som er tospråklege, av ymse grunnar.

Men den største forskjellen ligg på det formelle plan. Einar Oterholm har laga eit svært strukturert og ryddig dokument der han tar utgangspunkt i dei forskjellige elementa i kyrkjeromet, men med eit interessant historisk innhald for kvart kapittel og med ei grei historisk oppsummering i starten. Den er lett å lesa og med fine illustrasjonar. Svært vakker forside med Olav Halses måleri av kyrkja.

Bernt Bøe si bok er litt større på sidetal og med mindre skrifttypar og meir stoff, men også den med masse gode illustrasjonar. Den er eit utruleg frodig og levande oppkome av historikk, historier og anekdoter, legender, sitat og fantasifulle personskildringar, slik Bernt er eit vell av levande historie.

Men likevel må han ha lagt enormt mykje arbeid i historisk forskning for å få med så mykje fakta. Den har eit langt kjelderegister bak.

Denne boka er nok meir krevjande å lesa, for den beveger seg på fleire plan samtidig, historisk og innhaldsmessig, ja, skildringane beveger seg fram og tilbake i ei sprudlande forteljarglede.

Men så var det da også ei komplisert historie bak Valsøyfjord kyrkje, frå soknet høyrde til Aure og det fekk si eiga kyrkje på Otnes, bygd i 1863 og vigsla i 1864, og fram til i dag.

Valsøyfjordingane ville ha si eiga kyrkje, men det var også på grunn ein ny lov av 1851 som krevde at kyrkjene skulle ha plass til minst tre tideler av befolkninga. Dessutan var det ein lang og farefull kyrkjeveg til sjøss i all slags ver.

Det er også ei historie med masse spenningar og konfliktar, om byggeplass og kyrkjesong, prestestrid og ikkje minst den økonomiske striden ved lausrivinga frå Aure («tiendestriden»), ein strid som faktisk gjekk til Høgsterett, der Valsøyfjord fekk medhald. Dette er interessant, men ganske krevjande stoff.

Personleg tykte eg personskildringane var det beste i boka. Tenk på husmannsguten frå Surnadal. Ole O. Scheistrøen, som var byggmeister og delvis arkitekt for over tretti kyrkjebygg i Møre, Trøndelag og Nord- Norge heilt opp til Finnmark sist på 1800-talet. Det er litt av ei historie.

Boka er også krydra med eit vell av småhistorier. Det er i sanning ei fargerik bok, litt uryddig i stilen, men det er kanskje det som gjer den så spennande å lesa.

Båe bøkene må vera skattkammer for folk i Halsa, men langt ut over det, i alle fall Aure.

God og oppbyggeleg lesnad.

Einy Rendal Elgsæther