Ønskje om eit aldersvennleg samfunn

"Dei eldre må ikkje parkerast på sidelina."

Johs. J. Vaag. 

Nye artikler

På verdskonferansen for geriatri i fjor blei det lagt fram ein omfattande forskingsrapport som omfattar heile 18 OECD-land. Rapporten syner at det avgjerande frametter blir kor godt samfunnet er rusta til å møte stadig fleire eldre innbyggjarar. Forskarane peikar i rapporten på at eit godt samfunn for eldre inneber at dei eldre kan delta, føle seg trygge både økonomisk og når dei er ute heimanifrå. Vidare er det viktig at dei eldre får nødvendig helse- og omsorgshjelp, lever i harmoni med yngre generasjonar og får høve til å yte ein innsats til beste for samfunnet.

I sin tale framføre Peterskyrkja 1. påskedag sa pave Frans m.a. at dei eldre blir sett på sidelina i vårt egoistiske samfunn. Paven var nok inne på noko vesentleg her. Dei eldre må ikkje parkerast på sidelina. Dei må kunne delta i samfunnslivet ut i frå sine føresetnader til ei kvar tid. På dette feltet er det mykje som kan betrast. Det er mange gonger berre haldningsendringar som skal til.

Psykolog og førsteamanuensis Øivind Eikrem ved NTNU uttala seg slik til Ukeadressa 29.11.08: «Dessverre lever vi i en aldersfiendtlig kultur. I Norge dyrkes ungdommen. Alder blir sett på som noe negativt. Men her er vi på kollisjonskurs med store deler av verden. I veldig mange land og kulturer gir alder posisjon og status. Bare se på USA. Gjennomsnittsalderen i det amerikanske senatet ligger langt over gjennomsnittsalderen på norske stortingsrepresentanter. Også i Kina blir eldre møtt med største respekt.»

Øyvind Eikrem var i 2008 overbevist om at det norske samfunnet gjer seg sjølv ei bjørneteneste med å kvitte seg med alle dei ressurssterke personane som etter kvart fyller den magiske aldergrensa på godt over 60 år. Mitt syn er at det har gått noko framover på dette feltet dei siste åra. Og det er bra. Men vi er ikkje i mål!

Dei eldre er ein stor del av befolkninga. I høve til storleiken er denne gruppa klårt underrepresentert i styre og stell. Dei eldre treng utfordringar. Dei treng noko å bryne seg på. Vi må ikkje berre sjå bakover. Vi må også vere opptatt av framtida sine utfordringar. Men, eldre som er slitne og ønskjer å nyte sine pensjonistdagar må sjølvsagt kunne gjere det med beste samvit.

Vi skal ikkje gløyme at dei fleste eldre er friske og sjølvhjelpne. Dei er ofte aktive i frivillig arbeid og i mange høve yter dei ein stor innsats med å få tidsklemma til å gå i hop for t.d. svært opptatte foreldre med barn i ulike aldrar.

Det er viktig at dei eldre tek vare på helsa si gjennom sundt kosthald og systematisk trening og aktivitet ut i frå kvar einskild sine føresetnader og interesser. Pensjonistlaga rundt om i kommunane utfører eit godt arbeid i denne samanhengen. I min heimekommune, Surnadal, er Surnadal Pensjonistlag eit framifrå døme, etter mitt syn.

I Pasient- og brukarombudet i Møre og Romsdal si årsmelding for 2017 heiter det i fororda m.a. følgjande: «Vi etterlyser at helse- og omsorgstjenestene i sterkere grad involverer pasienter, brukere og pårørende i utviklingen av tjenestene og bruker deres erfaringer for å utvikle «pasientens helsetjeneste». Ny forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenestene som trådte i kraft fra 2017 legger større vekt på at ledelsen skal «sørge for å gjøre bruk av erfaringer fra pasienter, brukere og pårørende». Det er å håpe at det som her er nemnd blir følgd opp i praksis ute i kommunane.

Mangelfulle tenester kan gjere alderdommen vond og utrygg for mange eldre og deira pårørande. For tilsette i kommunane kan det også vere ei påkjenning. Samvitsfulle sjukepleiarar og helsefagarbeidarar kan slite seg ut for å hjelpe utrygge eldre og frustrerte pårørande.

Regjeringa har utnemnd ein eldre- og folkehelseminister. Åse Michaelsen frå regjeringspartiet FrP har fått denne viktige jobben. Det er mykje å ta fatt i. Eg ønskjer statsråden lykke til i arbeidet.

Det er ønskjeleg med ei samfunnsutvikling der eldre menneske kan oppleve anerkjenning, tilhørighet og inkludering, som likeverdige deltakarar i familieliv, arbeidsliv, opplæring og samfunnsaktivitetar i det heile.

Johs. J. Vaag