Analysane i ei fersk undersøking frå 2014 om resultatet på nasjonale prøver viser at Nesset er ein av dei kommunane i Noreg der elevane har heva resultata sine mest. Dei ligg no som nummer 19 av landets 428 kommunar. Data i denne undersøkinga er basert på alle tilgjengelege resultat sidan desse prøvene vart innførte i si noverande form i 2007.

Eksamensresultata frå norsk hovudmål på ungdomstrinnet i 2014 er også svært gode. Her kan Eidsvåg barne- og ungdomsskule skilte med eit gjennomsnitt på 3,9. Dette er ein halv karakter høgare enn resultatet for Møre og Romsdal, som er 3,4. Landsgjennomsnittet er 3,5.

Samarbeid med Nynorsksenteret

Resultata for elevane i denne vesle kommunen i Romsdal er altså godt over landsgjennomsnittet, både på eksamen for årets tiandeklassingar og på dei nasjonale prøvene i lesing, rekning og engelsk for femte, åttande og niande trinn. Kva er årsakene til dette? Sikre svar er vanskelege å gi, men Eidsvåg-rektor Per Einar Strand viser m.a. til at Nesset kommune i 2010 gjekk inn i eit tre-årig samarbeid med Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret), ved Høgskulen i Volda.

Skrive fagtekst-prosjektet var eit skuleutviklingsprosjekt med systematisk og langsiktig satsing på lese- og skriveopplæring. Målet var å betre elevane sin dugleik i å skrive fagtekstar på nynorsk. Lærarar og elevar fekk øving i korleis ein fagtekst skal byggast opp og det vart m.a. arbeidd grundigare enn før med å lære fagord og omgrep i alle fag.

I prosjektperioden vart lærarane i Nesset også meir medvitne om korleis nynorsk fungerer som bruksspråk. Dei utvikla nye strategiar for opplæring i skriving og lesing, og dei fekk skulering i å gi respons og vurdering til elevane undervegs i skriveprosessen. Dei tok også i bruk den digitale læringsplattforma Fronter på ein meir systematisk måte enn før.

Prosjektet vart gjennomført frå 2010 til 2013, og i denne treårsperioden fekk kommunen tilbod om fagleg rettleiing og økonomisk støtte frå Nynorsksenteret. Den blei brukt til prosjektleiing og til å hente inn ekstern kompetanse og kurshaldarar.

Ny organisering

Alle skulane i kommunen var med i prosjektet, og det vart tatt nye grep i organiseringa av etter- og vidareutdanninga av lærarane. Alle lærarane på alle skulane – frå første til tiande årstrinn - fekk dermed same skulering i skriveopplæring og vurdering av elevtekstar over ein periode på tre år.

Tradisjonelt hadde skulane i Nesset før dette hatt stor individuell fridom i fagleg oppdatering og kompetanseutvikling for lærarane. Frå 2009–2010 vart det derimot lagt opp til at alle skulane skulle prioritere det same satsingsområdet samtidig. Dette førte til ei organisatorisk endring på systemnivå i kommunen.

Prosjektet vart leia av ei kommunal prosjektgruppe med overordna ansvar for plan, innhald, ressursar, møteplan etc. Prosjektgruppa besto av skulefagleg rådgjevar, rektorar og ei faggruppe på fire lærarar. Dette var entusiastiske fagpersonar, lærarar som nyleg hadde fullført vidareutdanning i lese- og skriveopplæring eller som hadde opparbeidd seg særskilt kompetanse i Vurdering for læring. Det var tett samarbeid i faggruppa og dei hadde avsett tid på arbeidsplanen sin til arbeidet. Det var også denne gruppa som hadde ansvaret for å legge opp det faglege innhaldet på nettverkssamlingane for lærarane.

Denne måten å organisere skuleringa på styrka kompetansen i fagtekstarbeid hos alle lærarane ved at dei utvikla ei felles forståing i kollegiet. Elevane fekk ei betre og meir samkøyrd opplæring i den grunnleggjande ferdigheita som skriving er, og dette gjorde at lærarane vart fagleg tryggare på eige arbeid i klasserommet.

Varig endring

Suksessoppskrifta til Nesset ser ut til å ha to hovudkomponentar: Samordning og langsiktigheit.

Å sende einskildlærarar på korte kurs om meir eller mindre tilfeldige «årets emne» gir sjeldan varig effekt for nokon. Skal ein få til varig endring og nå viktige mål – t.d. om betre dugleik i skriving – må det planleggast og prioriterast på eit overordna nivå. Administrativ leiing på skulen og i kommunen må stå bak satsinga, som må vere godt organisert og fagleg fundert. Og ikkje minst: Alle lærarane på dei aktuelle skulane må vere med.

Rektor Per Einar Strand ved Eidsvåg barne- og ungdomsskule var leiar i prosjektgruppa for Skrive fagtekst-prosjektet. Han fortel at erfaringane frå dette prosjektet har endra Nesset-skulen på systemnivå for alltid, og at dei vil halde fram med denne måten å organisere felles utviklingsarbeid på.

- Vi skal ikkje sleppe taket om dette arbeidet, og det vi har lært på alle nivå, blir ein del av kvardagen vår framover, seier han.

Nynorsksenteret gler seg over dei gode resultata i Nesset, og vi synest det er flott å ha fått vere med på å utvikle Skrive fagtekst-satsinga saman med prosjektgruppa der. Vi trur også at mange andre kommunar kan lære av dette prosjektet, og at erfaringane frå Nesset kan nyttast t.d. i den store nasjonale satsinga som Utdanningsdirektoratet starta i fjor; Ungdomstrinn i utvikling. Mange kommunar i regionen er i gang med denne satsinga no. Dette er korkje dyrt eller spesielt originalt, men likevel effektivt. Nesset er i alle fall på norsktoppen i år.

Av Marit Wadsten, Nynorsksenteret i Volda.