Tidlegare i sommar vart Otnes innvilga fritak frå ordførarvervet for resten av valperioden for å gå over i ny stilling som rektor ved Surnadal vidaregåande skule frå 1. september, skriv surnadal.kommune.no.

Vidare skriv dei:

Lilly Gunn Nyheim vart i juli nominert som ordførarkandidat for Surnadal Arbeiderparti ved Kommunevalet 2015 og overtok i dag klubba etter Otnes. Mons Otnes har arbeidd 14 år i Surnadal kommune, 7 av dei som ordførar.

Nyheim er i permisjon frå ei stilling i Surnadal Sparebank for å fylle rolla som heiltids politikar. Ho er leiar for Arbeiderpartiets kvinnenettverk i Møre og Romsdal  og medlem i sentralstyret i Ap.

Nyheim er, som ein av 20 av 200 søkarar, teke opp i eit nasjonalt program for skolering av topp-politikarar i Ap. Surnadal kommune har fått sin første kvinnelege ordførar.