Søndag ettermiddag hadde tre organistar konsert i Valsøyfjord kyrkje, eit av fleire arrangement dette jubileumsåret. Kyrkja feirar nemleg 150 år, og organisten der, Silvio Krauss, inviterte med seg kollegaene Daniel Bjørlo og Bernt G. Bøe. Saman laga dei ei fin stund med mykje flott musikk for oss som var til stades.

Bernt Bøe starta med Chaconne av Louis Couperin og Andante av Joseph Haydn. Etterpå spela Silvio Krauss verk av Nicolaus Bruhns og Johann Pachelbel.

Daniel Bjørlo avslutta konserten med musikk av F. Mendelssohn-Bartholdy, Johannes Brahms og (sjølvaste) J. S. Bach.

Det var fint å få sitje i kyrkjebenken og høyre dyktige musikarar framføre eit variert program.

Mellom musikkstykka fortalde Bernt Bøe historikk om kyrkja. Valsøyfjord var tidlegare ein del av Aure prestegjeld, men på grunn av lang og ofte farleg kyrkjeveg ville valsøyfjordingane bygge si eiga kyrkje.

Med teikningar av den store Jacob Wilhelm Nordan var det surnadalingen Ole Olsen Scheistrøen som var meister for sjølve bygginga. Og for akkurat 150 år sidan, i oktober 1864, vart den nye kyrkja høgtideleg vigsla av Nidaros-biskop Andreas Grimelund.

Mange har gitt gåver til kyrkja opp gjennom åra, og utbetringar har vore gjort – mellom anna av treskjeraren Daniel Skipnes rundt 1930. Det første orgelet fekk dei i 1907, og i 1988 kom det noverande på plass. Elles vart det nemnt at kyrkja har hatt i alt 6 alterdukar, og den som no er i bruk, er laga av Anne Botten Stokke, som var til stades på konserten.

Leiar i jubileumskomiteen, Eli Ohren, opna samveret med velkomsthelsing, og til slutt takka ho musikarane med blomster og fine ord for vel utført jobb.