Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor har pussa støvet av eit tjuetal populære hits frå ønskekonsertens gullalder med cd-en «Melodi-minne».

På cd-en finn ein «Minnenes melodi», «Nordlandsnetter», «Anna Lovinda», «Hvite måke» og andre perler. Dei to kora har med seg solistar og gode folk, på trekkspel: Peder Hønsvik, på piano: Tor Strand og Bernt G. Bøe, på synth; Øystein Moe og på bass: Gunnar J. Bøe. På song: Sigrid vetleseter Bøe og Øystein Moe, og mange fleire syng på plata, og på piano og musikalsk leiing, Bernt Bøe.

Sjøl fortel kora at det var journalist Magne Lillegård i Driva som tipsa og oppfordra dei til å lage cd.

– Det var ved eit allsongarrangement at Drivas oldtimer, som sjøl er musikar med sans for evergreens; Magne Lillegård tykte kora sine slagerarrangement var så hørverdige at han sa «Ta her må dokk spæll inn på cd! Det e mykje folk så sakna na her musikkjen no for tida, og han e itj så lett å få ti lenger hell!», fortel Bernt G. Bøe, musikalsk leiar og ansvarleg for dei spesiallaga arrangementa. Kora merka seg tipset til Magne og dei tenkte på at dette var noko nokon burde ta tak i, og dei fann dei ut at dei ville ta vare på nokre av dei gode gamle songane, både frå skulestua og radioen, halde dei ved like og formidle dei vidare til nye brukarar.

– Vi trur faktisk Melodi-minne vil fylle eit tomrom og imøtekome eit sakn hos mange! seier Bøe.

Ein viktig motiveringsfaktor for dei har vore at det handlar om gode melodiar og mykje gode tekster.

– Til dømes kan slagerkulturen frå 1950- og 60-talet by på vakre og gripande tonar og ord som suverent overgår dagens pop, både i poetisk kvalitet og menneskeleg aktualitet, seier Bøe.

Dei to kora har samarbeidd i mange år og invitert folk til allsong og aktiv bruk av den gode songskatten. Kora sine «Syng med oss»-program har samla mange songglade rundt i bygdene. Bøe fortel at særleg Vårsongfesten i Bøfjorden kvar 1. mai har vorte ein institusjon som folk set pris på.

– Då er allsongen hovudsak- til glede for den som har lyst til å synge, gjerne saman med andre. Med trekkspel, piano og andre instrument til let songskatten friskt og fulltonande. Samstundes gir desse samlingane kora høve til å framføre sine ting, til glede for publikum. Den sosiale atmosfæren, med kaffi og meir, gjer sitt til at samlingane rett og slett er populære, seier Bøe.

Programmet på plata spenner vidt, fortel Bøe vidare, men attkjenning går som ein raud tråd gjennom alt. Forutan dei som er nemnd kan ein og nemne; «Were You There», «Hymn to Freedom» og «Kjærligheten er det største».

– Vi har jobba for å få det så bra som mogleg, seier Bøe.

Plata blir til sals i nokre av butikkane på Indre Nordmøre. Eit lite førsteopplag på 50 eksemplar er borte.

– Plata skal vere på plass i butikkane kommande veke, seier Bøe. Og for dei i Nesset og Sunndal som er interessert; Bøe satsar på å få cd-ar ut på Coop i Eidsvåg, og på Bunnpris i Sunndal.