For å møte utfordringar i helsesektoren er det oppretta ei tverrfagleg prosjektgruppe som arbeider med å innføre kvardagsrehabilitering som eit tilbod i helse- og omsorgstenesta i Surnadal.

Kvardagsrehabilitering er ein metode der ein arbeider for ein mest mogleg sjølvstendig og aktiv livsstil uansett alder. Stikkord her er målstyrt, tverrfagleg og tidsavgrensa.

Fredag inviterte dei til informasjonsmøte- eller kickoff-møte, der rehabiliteringskoordinator og prosjektleiar Trine Eggan fortalde om prosjektet. Anders Grimsmo frå institutt for samfunnsmedisin ved NTNU orienterte om pasientforløp i kommunane, og oversjukepleiar i Surnadal kommune, Anett Ranes, fortalde om velferdsteknologi.

Kvardagsrehabilitering er ein teneste som tvinger seg fram litt sjøl, blant anna som følgje av den komande «eldrebølgen», samstundes som at talet på personar i yrkesaktiv alder vil gå ned, altså mindre hender i helse/omsorgssektoren.

Det inneber at helsetenesta i kommunen skal kunne tilby ein teneste som heiter «Aktiv i eigen kvardag», der personar frå 18 år og oppover har mulegheit til å få eit vedtak for rehabilitering i heimen, med hovudfokus på eigne ønske.

Tverrfagleg oppfølging

Kvardagsrehabilitering inneber ei tidsavgrensa plan for eit treningsopplegg i heimen eller nærmiljøet, med utgangspunkt i kva som er viktig for brukarane sjølve.

Målet er å auke evnene til å meistre aktivitetar i kvardagen, og brukarane får tverrfagleg oppfølging av fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiar og hjelpepleiar.

– Dei fleste ønskjer å bu heime lengst mogleg, og gjennom kvardagsrehabilitering skal ein prøve å tilrettelegge best mogleg for dette, fortel prosjektleiar, Trine Eggan.

Startar snart

Målgruppa for kvardagsrehabilitering er eldre med risiko for å miste funksjon, eldre med fallende funksjon, og skrøpelege eldre med dårleg funksjon.

– Her skal ein ha fokus på kva som er viktig for brukaranes eigne mål og behov. Prosjektet starta på seinhausten i fjor, og tilbodet er planlagt innført i starten av veke 11, opplyser Eggan. Ein vil starte med nokre få brukarar, for så å utvide etter kvart.

Alle 75-åringar får heimebesøk, og på første besøk får brukarane ein samtale om kva som er viktig for kvar enkelt, kva ein vil meistre i kvardagen.

Ved neste besøk gjer heimetenesta ei kartlegging saman med fysioterapeut, ergoterapeut og sjukepleiar, og sett ut ifrå dette opp konkrete mål for perioden saman med brukaren.

I rehabiliteringsperioden vil så brukaren følgje eit eige rehabiliteringsopplegg laga av terapeutane, der heimetrenarar blir med og trenar. Avslutningsvis blir det teke ei evaluering, slik at ein finn ut om ein har kome i mål eller om ein treng vidare oppfølging.

Betre levekår

Grimsmo tok blant anna for seg ein del utfordringar i helsetenesta, og viste til forskingsresultat på ulike område. Han påpeiker at det er stor forskjell på korleis helsa blir når vi blir eldre.

– For dei eldste er det rehabilitering som virker best og som best kan redusere sjukdom og sjukehusinnleggingar. To tredjedelar av befolkninga blir pleietrengande før dei dør. Eit problem er at veldig få førebur seg i særleg grad på å bli hjelpetrengande, seier Grimsmo.

Han er sikker på at «rehabilitering» vil bli eit svært viktig begrep i åra framover.

– Mykje tyder på at vi allereie lever lenger utan hjelpebehov. Men det er ikkje medisinsk innsats som har forbetra liva våre, det er betre levekår. Sjøl om vi ikkje kan forlengje levealder, kan vi forlengje livskvaliteten, seier han.