- Skjer dette, må det vere eitt av dei største feilgrepa sidan Alta-utbygginga, seier fylkespolitikar frå SV, Ingrid Opedal etter å ha vorte kjend med tilrådinga om nedlegging av Bioforsk økologisk på Tingvoll.

Ho stiller gjerne i lenkegjeng for å vise kor viktig dette miljøet er for Tingvoll, for Møre og Romsdal og for framtida!

- Eg trudde ikkje mine eigne øyre då eg høyrde dette, sjølv om ein etterkvart har vorte vand med stadig nye samanslåings- , effektiviserings- og sentraliseringsframlegg frå høgresida, seier ho, og viser til både kommunereform,  sjukehus, politi, høgskular, skatteetat og fiskeridirektorat .

- Dette er ei styrt nedbygging av distrikts-Noreg; no må folk vakne før det er for seint!

Bioforsk på Tingvoll har eit fantastisk fagmiljø med sterke forskarar, nært knytt til den kvardagen ein forskar på. Det er den nest største forskingseininga i Bioforsk utanom Ås.

- Det handlar om dei grøne og blå næringane vi skal leve av i ei framtid der oljen er på hell, seier Opedal.