Det er Surnadal Idrettslag som melder at Knut Ola Høvik (22) vender heim og er klar for spel i blått og kvitt igjen.

Det er klart etter at overgangen hans frå Sogndal-klubben Fjøra FK gjekk i orden fredag.

Knut Ola har slite med ein lei ryggskade denne sesongen, så det er difor uklart når han gjer comeback i kamp, men 22-åringen flyttar i alle fall heim rundt månadsskiftet mai/juni.

Han er difor ikkje med i troppen når Elnesvågen kjem på besøk til Syltøran laurdag.

Men Høvik er storfornøgd med å ha signert for Surnadal.

- Eg er utruleg glad for å vere tilake i moderklubben og for å kunne ikle meg den blå drakta igjen. Det er vel det eg har sett mest fram til etter at eg flytta til Sogndal, seier Høvik, som understrekar at det samtidig er vemodig å flytte frå Sogndal, ettersom han og har trivdest veldig godt i Fjøra FK, seier han til Surnadal Idrettslag.

Les heile saka her.