Rundt 1500 kom til Halsanaustan for å få med seg konkurransen i traktorpulling som Stornaustet og Trøndelag Traktorpullerklubb arrangerte 1. pinsedag. – Nokre regnbyer skremte verken arrangøren eller publikum.

Gunnar Kåre Røe, som var leiar for arrangementet, var før arrangementet spent på om det kom nok folk. Etter kvart som publikum strøyma på kunne han senke skuldrene, for det kom rundt 1500 for å sjå på konkurransen i traktorpulling. Dermed er rekorden frå i fjor knust.

Til saman var det 34 deltakarar i konkurransen, traktorar frå 75 og opp til 1000 hestekrefter – både vanlege standardtraktorar og modifiserte utgåver som er tilpassa slike konkurransar.  Ståle Rennemo frå Skogn fikk da også full utteljing med sin 1000-hesters John Deere.

Men det var ikkje berre spesialtraktorar å sjå på banen – det var også vanlege standardtraktorar som imponerte.

Det var også lokale aktørar som deltok og hevda seg i konkurransen og både Bernt Vatten med sin 1964 modell volvo 470 Bison og Jan Erik Glåmen med sin John Deere 4050 kom på pallplass. Elles var Johannes Reiten frå Halsa med, og sikra seg ein 7. plass.

Men sjølvsagt var trønderane i majoritet både på deltakarlista og på resultatlista. Trøndelag Traktorpullerklubb har base på Øysand, og skal ha stemne der i juni og skal vidare til Steinkjer i august. Medlemane frå Trøndelag er også aktive deltakarar under konkurransar i Sverige.

Du kan lese meir om traktorpulling ved Stornaustet på Halsa i onsdagsavisa.