Skal opne Vårsøghelga

Med Håkon Bleken og eksotiske rytmer

Andreas Roaldset, Mikaela Sveen Hjertø, Jimu Makurumbandi, Tina Sæterbø og Jo Inge Nes i full gang med å førebu seg på opning av Vårsøghelga 2015 - i foajeen i Surnadal kulturhus.  Foto: Magne Lillegård

Nye artikler

Den offisielle opninga av årets Vårsøghelg startar torsdag kveld, blant anna med opning av kunstutstilling av Håkon Bleken og lansering av ny bok med dikt av unge Vårsøgdiktarar.

Men ein gjeng med rytmefantastar har tjuvstarta Vårsøghelga inne i Svorka-salen.

Det er STOMP-gjengen til Jo Inge Nes og Jimu Makurumbandi. Når dei har fått rytmane vel i kroppen, får vi høyre dei i foajeen på Surnadal kulturhus i samband med opninga.

Ikkje så mange unge hadde møtt fram til STOMP-kurs, men det vi fekk høyre lovar i alle fall godt til seinare på kvelden.

Etter at opninga med kunst, eksotiske rytmer, lansering av boka "Nye dikt frå Vårsøglandet" og servering av kaffe og kake frå Kiwi er vel unnagjort, går vi over i teltet på Kulturhustorget. Der får vi bakoversveis både av rock og revy av lokale aktørar på torsdagskvelden.

Då kjenner vi at Vårsøghelga 2015 er godt i gang.