Onsdag vart det arrangert Onnadag ved sjukeheimen i Surnadal. Da var plena på ny forvandla til slåttemark, med hesjing, fesjå, servering, leiker, musikk og sal av heimelaga produkt.

No er både ljåen, rivene, høygaflane og hesjene erstatta med traktorar, slåmaskiner og anna mekanisk utstyr. Det er få som framleis hesjer, no er det silo og rundball som gjeld.

Men da det vart arrangert onnadag på plena mellom sjukeheimen og pensjonærboligen, vart det eit kjærkome gjensyn med den forne tida, med god gammaldags slåttestemning.

Hesjing og dans

Det vart hesjing og slåttegraut, folk og dyr, gamle klede og utstyr var utstilt. Det var og sal av heimelaga produkt, både matvarer og bruksting i eit «Bondens minimarknad».

Gamle leikar som hesteskokasting, – og ikkje minst musikk var det og i slåttatæja denne dagen. Gøran Bolme spela gitar og song, før Oddmund Solem avløyste han med trekkspelet. Nokon svinga seg og i dansen.

Dei som starta det heile i fjor var Laila Halset Ulvestad og Inga Smenes Brøske. Dei satt ute ved bålpanna og koka kaffe då ideen vart fødd.

– Vi satt ute med lukta av kaffe og nyslått gras, og begynte å snakke om at det hadde vore artig å arrangere ein onnadag, fortel dei. Og etter suksessen med fjorårets onnadag var det klart at dette måtte gjentakast.

– No er det ikkje lenger spørsmål OM vi skal arrangere, men NÅR vi skal arrangere onnadag. Det var eit klart krav frå brukarane her at vi måtte ha ein slik dag i år og, ler Laila. Dermed er onnadagen på god veg til å bli ein tradisjon.

Triveleg slåttestemning

Dagen har vore planlagt i lang tid, i samarbeid mellom både tilsette og brukarar på rehabiliteringsavdelinga og dagsenteret, og med støtte frå pårørendeforeninga og demensforeininga.

Og det er ei riktig så triveleg slåttestemning som rår.

– Det er akkurat det å skape den gode stemninga med slåtten, dyra, gamle klede, mat, musikk og så vidare vi er ute etter, og så var det så bra at vi fekk godvêr, seier Inga.

Det var mykje dyr «i slåttemarka» denne dagen; både geiter, lam, kalv, hest, ponni, kanin, høner, hundar og kattar. Alle desse vart kosa med og set stor pris på av både unge og eldre.

I tillegg til onnagraut og spekemat, var det og rabarbrasuppe, bålkaffe og nysteikte sveler, og ein kunne kjøpe både onnasaft, onnasylte, bondebrød, gardsegg, ramsløksmør og mykje anna.

Les meir om onnadagen i Driva fredag.

Sjå video her.