Salet av måleria gjekk også strålande. Tanja stilte ut i kjellaren på Hammerstuene, medan Gjertrud har fast utstilling på bedehuset. Heggemsøstrene bur og arbeider i Bøfjorden.

Det var ikkje berre søskenpara Larsen og Heggem som gjorde det godt i finvêret. Heile Øramartnan har vorte ein suksess: den er triveleg og heilstøypt, og byr på eit rikt utval god mat, flott handverk, kunst og mykje anna. Til og med loppemarknaden er det god kvalitet på. Den gamle kinoen Trudvang er ein perfekt stad for loppemarknad. Folk stod i kø då dei opna laurdag, kunne arrangørane fortelje. På søndag blir det fylt opp med fleire lopper, så det er enno ikkje for seint å sikra seg ein skatt.

At arrangørane satsar på at born kan selje og underhalde, gjer det heile til ein svært triveleg stad for familiar å tilbringe dagen.

Godt miljø

Gata og husa er perfekt for ein slik marknad. Kunst og husflid har fått gamle Surnadalsøra til å blomstre igjen. Bedehuset har vorte restaurert, og her hadde Ellen Hegg og elevane hennar fast kunstutstilling. Dessutan har fleire kunstnarar  og kunsthandverkarar etablert seg med utsal og verkstad på gamle Surnadalsøra.

Øramartna-dagane er høgdepunktet i året. Leslie Goldsack og kona Solfrid Bjørge, som eig bedehuset, sett stor pris på at huset vert bruka til kunst. Han har hytte og svært gode minne frå barndommen frå Øra.

– Eg trur eg er i slekt med nesten heile Øra. I alle fall dei som heiter Åsbø, Løset og Sæter, seier Goldsack. For folk som kjente Surnadalsøra frå gamle dagar var nok den historiske bildeutstillinga ekstra artig.

Laurdag var ein folksam dag på Surnadalsøra, og det er venta mange besøkande også søndag.

Tekst og foto: Anita Land

Meir om Øramartnan i Driva onsdag