Jonsvaka i Åsskard kyrkje fredag kveld vart noko heilt utanom det vanlege, ikkje minst for hovudpersonen sjøl, Bernt Idar Gudrunson Bøe.

For etter at han var ferdig med biletkåseriet, og Karen Oddny Husby og Sigfred Gravvold var ferdige med sitt tablå, der dei følgde spora etter folketonesamlar Edvard Bræin (1887-1957) rundt i det nordmørsk landskapet på jakt etter folketonar, vart Bernt mildt sagt gledeleg overraska, på grensa til sjokkert.

For da han var i ferd med å annonsera ein liten kaffepause, entra nemleg ordførar Lilly Gunn Nyheim plutseleg kyrkjegolvet som Kongens forlenga arm, for å overrekkje han Hans Majestet Kongens fortenestemedalje!

Og etter som ordføraren las grunngjevinga for tildelinga og det gjekk opp for han kva som var i ferd med å skje, vart det vanskeleg å halda augene tørre. Han måtte som snarast av med brillene og opp med handa ein vending.

Ordføraren las følgjande:

"Tildeling av kongeleg påskjønning til organist Bernt Gudrunson Bøe, 6643 Bøfjorden, fødd 25.02.1947.

Bernt G. Bøe er ein allsidig personlegdom og ruver på mange felt. Om det er skulemannen og folkepedagogen, musikaren og korleiaren, kyrkjemedarbeidaren, brubyggjaren og føregangsmannen, forteljaren og forfattaren, kåsøren og språkmannen, historikaren og kulturformidlaren, journalisten og samfunnsmennesket, dei store evnene, dei allsidige kunnskapane, det utrøyttande pågangsmotet eller den uvanlege arbeidskapasiteten som imponerer mest, er ikkje godt å seie.

Bernt G. Bøe har gjort ein samfunnsinnsats langt over det vanlege både i stillingar og verv han har hatt, og i frivillig innsats, der yrkesinnsats og frivillig innsats går over i kvarandre i heildøgns arbeidsdagar året rundt.

Bernt Gudrunson Bøe har gjennom sitt arbeid frå tidleg ungdom, både i lønna stilling og i frivillig innsats, fremja kulturlivet i heimbygda si, kommunen sin, og vidare på Nordmøre i eit omfang og med ein intensitet som er heilt uvanleg for eit enkeltmenneske å vinne over.

Drivkrafta i denne innsatsen ser ut til å vere rein idealisme. Dei store evnene og arbeidskapasiteten har han ikkje nytta til økonomisk vinning, heller ikkje til å vinne posisjonar eller ære, men til å gje sambygdingane sine i alle aldrar kjennskap og kjærleik til kulturelle verdiar og gode opplevingar. At han i dette arbeidet har involvert og hatt med på laget både eigen familie og eigne sambygdingar, gjer verdien enda større. For denne ueigennyttige innsatsen fortener han i høgste grad ein medalje.

Tidlegare Heidersprisar: Utanom Målprisen frå Nordmøre Mållag har Bernt Bøe fått Kuliprisen frå Nordmøre Historielag, Surnadal Sparebank sin utviklingspris for sitt mangslungne kulturarbeid, dessutan Kleivaprisen frå Surnadal kommune.

Surnadal kommune har hatt uvurderleg nytte og glede av den frivillige innsatsen Bernt Gudrunson Bøe har lagt ned for kulturlivet i kommunen vår. Frivillig innsats frå eit enkeltmenneske i det omfang som vi her er vitne til er heilt uvanleg. Publikum, lag og organisasjonar i kyrkjelege og verdslege fora over heile kommunen har hatt stor glede av Bernt G. Bøe sin arbeidskapasitet og evner. Det har gitt oss alle store kulturelle opplevingar.

Slike bidrag er sjølve livsnerva i eit levande og aktivt lokalsamfunn. Surnadal kommune har sterke kulturelle tradisjonar; Bernt G. Bøe er ein av dei store tradisjonsbærarane.

Surnadal kommune hadde da også gleda av å gi Kleivaprisen som er kulturprisen innstifta av Hans Hyldbakk, til Bernt G. Bøe i 2002. Den gongen la formannskapet stor vekt på det arbeidet Bernt G. Bøe hadde lagt ned for song- og musikklivet i kommunen i mange år. Vidare den rolla han har hatt som bidragsytar ved kabaretar og andre framføringar, som dirigent for fleire kor og ikkje minst det store arbeidet han hadde bak seg som lokalhistorikar. Han er vel den som har hatt mest å seie for dokumentasjonen av lokalhistoria vår forutan Hans Hyldbakk.

Innsatsen og drivkrafta har ikkje vore mindre dei seinare åra. Arbeidskapasiteten og dei store evnene han viser på så mange felt er noko vi sambygdingar er svært takknemlege for. Eg er heilt viss på at han vil bidra på mange felt også i åra som kjem.

Det er derfor ei stor glede for meg å få vera Kongens forlengede arm, ved å overrekje Bernt Gudrunson Bøe Kongens fortjenstmedalje her i kveld, i Åskard kyrkje ved Jonssvaka, som i seg sjølv er Bernt Bøe sitt arrangement.

Vi veit at kona di Randi og borna dine er her i kveld, saman med mange du kjenner og har gledd med ditt arbeid. Difor blei det etter ønskje frå forslagsstillarane under årets Jonsvake at prisutdelinga finn stad, som ei overrasking for deg, men i samråd med dine næraste."

Kongens brev

Nyheim las og frå Kongens brev om overrekkinga:

"Vedlagt følgjer Kongens fortjenstmedalje og diplom som vi ber blir overrekt så snart som praktisk mogleg. Dette mellom anna fordi mottakaren etter ei tid vil få invitasjon til ei mottaking på Det Kongelege Slott. Vi ber om at medaljemottakaren blir gjort merksam på dette ved utdelinga.

Ordføraren sjølv bør overrekkje medaljen - i høgtidelege former.

Kjære Bernt Gudronson Bøe.

Vil du kom og ta imot  Kongens fortjenestmedalje.

Gratulerer!"

Takksam

Det var ein rørt og takknemleg Bøe som tok imot medalje, diplom, blomster og gratulasjonar.

- Dette var så stor ei overrasking, og det var vidunderleg å stå og høre på det du sa og det du las, at eg blir berre stum. Og eg seier eit stort takk, og så vil eg prøve å takke med musikk seinere i kveld, sa han.

Ståande applaus både vel og lengje vitna om at det var mange som unte han dette.

- Eg blir veldig takksam av di dette syner at det i alle fall er noko av det eg har vore med på som blir sett pris på. Eg føler meg mest som ein katalysator som sett i gang folk eg. Men det må vere nokon som trykkjer på knappane og trekkjer i tråder og, det er det eg har gjort mest, seier han.

Han var og glad for at store deler av familien var til stades under denne høgtidsstunda. Både kona Randi og dei fleste av barna deira var til stades. Ein familie som har greidd å halde dette heilt hemmeleg...

- Ja, det klarte dei verkeleg ja! Snakk om "å bli tobbakkslaus", som dei sa før i tida, smiler Bernt.

-Ikkje tilfeldig "åstad"

Den som sendte søknaden om at Bernt fortente denne utmerkelsen var vise- og salmediktar, forfattar og Kleivaprisvinnar, Sverre Hatle.

- Det er sjølvsagt ikkje tilfeldig at Jonsvaka er valt som ”åstad” for utdelinga, ettersom det er medaljemottakaren som er opphavsmann og primus motor for dette viktige kulturarrangementet som i kveld går for 34. året på rad, opplyser Hatle.

Programmet for Jonsvaka var elles tredelt. Først ute var altså Bernt med biletkåseri, så Karen Oddny Husby Gravvold og Sigfred Gravold med tablå, der dei følgde spora etter folketonesamlar Edvard Bræin (1887-1957) rundt i det nordmørsk landskapet på jakt etter blanke folketonar.

Så kom altså den store overraskinga med heidersutmerkinga, og da passa det ekstra godt med eit avbrekk med kaffe og noko å bite i etterpå, før ein tok fatt på siste delen; midnattskonserten.

Tonar frå Todalen

Midnattskonserten med Åsskard Kyrkjekor, solistane Sigrid Vetleseter Bøe og Maria Nohr, organisten Tor Strand og strykekvartetten med Odd Sonntag, Synnøve Hammervold, Anne Vik Aaknes og Marit Aaspås, vart noko spesielt, og grunna den gledelege forsinkinga som medaljeutdelinga førte med seg, var vi eit godt stykkje inne i laurdagen da tonane ebba ut.

Skikkeleg stemningsfullt var det, da kor, solistar, orgel og orkester blant anna serverte Gloria av Antonio Vivaldi, "Schlafe, mein Liebster" frå Bachs Juleoratorium, "Benedictus" av Haydn. Koret varta og opp med Handels "I will magnify Thee", og det var i det heile ein mektig og vakker kveld i Åsskardkyrkja.

"Folketonemesse frå Todalen" vara godt over midnatt, og det er Bernt som har laga denne og; til kyrkjejubileet i Todalen i 2011. Denne vart til etter at Bøe den gongen arrangerte slåttar og salmetonar frå Todalen og fletta desse inn i kormelodiar. Melodiar etter Tomina Husby og Ane Husby, samt slåttar etter spellmann Hallvard Ørsal, vart slik til "Folketonemesse frå Todalen".

Og no ventar altså eit slottsbesøk snart for Bernt. Det er inga dårleg avslutning på ei elles kjempefin Jonsvake!

Sjå video av overrekkinga her.