Då Rindalshallen vart opna i kveld var det langt frå fullt hus - men det er ikkje rart. Det skal mykje til for å fylle den gigantiske hallen, det finst ikkje rindalingar nok. Men det var mykje folk, rundt 450 hadde møtt opp for å feire den etterlengta idrettshallen, som markerar nok ei storsatsing på lagsport i kommunen.

Etter talar, blomar, lovord og gåver frå og til dei involverte, steig stemninga i det høge taket då jenter 12 og 13 hadde ei framdragande danseframsyning.

Deretter vart det snorklipping med uventa ingrediensar: sprint, høgdehopp, tresteg og fotball.

Etter snorklippinga vart det ein spanande straffesparkkonkurranse.

Kveldens høgdepunkt var den spanande kampen mellom Rindal/Surnadal G19 og eit samansett G16-lag, der blant anna fire undommar frå RBK var med. Det vart ein spanande kamp og målrik kamp, som enda 7-3 i det samansette RBK-laget sin favør. Den store målscoraren vart Sondre Bolme, han sto bak 3 mål fro det samansette laget.

Saka vert oppdatert, og fleire bilete frå opninga kan sjåast på bildekarusellen frå Småtrolluka.

Les meir om hallen, den spanande kampen og vinnaren av straffesparkkonkurransen i Driva onsdag!