-Hunden vår reagerte fyrst, så fekk vi sjå den.  Gaupa var stor, på størrelse med ein stor fuglehund, fortel Kirsti Dyrnes frå Kristiansund. Ho og mannen Per fekk sjå dyret kome tuslande ned på gardstunet ved Haltbakkvegen.

-Per gjekk ut og ropte etter gaupa, då snudde den seg og såg på oss, ein skulle nesten tru den var halvtam! fortel Kirsti. Mannen Per har sett gaupe før, seinast i år, tidleg på våren. Om det er same gaupe vitast ikkje.

Kirsti og Per er ofte på småbruket deira. Sjøtrøa. Då gaupa kom tenkte Kirsti kjapt, ho rakk å ta eit bilete.

-Eg må innrømme at det er litt skummelt å ha slikt eit stort rovdyr luskande kring på gardstunet, men vi har heldigvis ikkje sauar her, seier ho.

Det har vorte observert fleire gauper i same område den siste tida, i går vart det observert dyr ved Sagelva, og forrige veke vart det observert gaupe ved Åsbø.

I fjor vart det teke bilde av ei gaupe med to ungar i området, om det er dei same som fer att vitast ikkje.