Vêret har ikkje vore noko å skryte av i juli. Det har regna og vore kaldt.

– Men aldri så gale at det ikkje er godt for noko, seier bibliotekar Steinar Hasselø i Surnadal, til Driva. Han fortel at det har vore spesielt bra utlån i sommar.

Hasselø trur at regnvêret er årsak til det gode utlånet.

– Vêret må nok ta noko av skulda for at biblioteket i Surnadal har hatt ein uvanleg god julimånad. Det er registrert 1920 utlån, medrekna omlån, av bøker, filmar og liknande i juli i år. Det er omtrent 30 prosent meir utlån enn kva som er vanleg for juli (ut frå tal for dei siste fem åra). Tek ein også med utlån av e-bøker, hadde biblioteket meir enn 2000 utlån i juli.

– Det er og mange ferierande og turistar som lånar bøker. Det er ei ordning med at ein kan levere bøkene på andre stader i landet, så får me dei attende med postombringing, seier Hasselø. Det er flest hyttefolk som lånar, så dei fleste bøkene vert likevel levert inn att i Surnadal.

– Det er kjekt om ein er ute og reiser og til dømes kan låne lydbok, og så kan ein levere dit ein kjem.

I Sunndal har det og vore bra utlån. Det fortel biblioteksjef Claus Hansen:

– Ja, det har vore eit dårleg ver, som er eit ver til utlån. Eg har ikkje tal, men det har vore travle veker i juli.

Nesset og utlånet der har han ikkje oversikt over no.