L. Hals Eftf. har høg status i Todalen. Bygdefolket veit å setje pris på butikken som har dei varene dei treng. Her finn ein alt frå smør og kaffe, til silosyre og spikar. Frå pumpene til Hals Oil kan bygdefolket og tilreisande fylle drivstoff.

Kjøpmann Terje Nordvik hadde ein ekstra travel dag mandag. Han skjenka kaffe og delte ut store marsipankakestykker til alle som var innom. Det  var til tider trangt i den populære kaffekroken i butikken.

Varaordførar Lilly Gunn Nyheim og kommunalsjef Karin Halle troppa opp med  gratulasjonar og ein gedigen blomsteroppsats til den usedvanleg spreke hundreåringen.

Les meir i onsdagens Driva.