Museet, som opna den 29. juni i år, har ei rekke spanande utstillingar som er vel verdt å få med seg. Rindal Skimuseum er ein avdeling av Nordmøre Museum, og er eit spesialmuseum for skihistorie og skifabrikktradisjonar. Museet blandar vellukka gamalt med nytt, og er bygd opp av det gamle Heggemfjøset frå 1780, samt eit nybygg i massivt tre og betong. Nybygget vart teikna av Inger Anne Landsem ved Pir II arkitektar.

I Rindal skimuseum finn du den faste utstillinga «Bygd for gull», som er kuratert Hybris ved Sølvi Barber. Utstillinga viser historia om skipioneren og rindalingen Sigurd Røen, som vart verdsmeister i kombinert i Chamonix i 1937. Vidare finn du skifabrikkhistoria til Landsem Ski og gründeren Even Landsem. Skilegenden Harald Grønningen, som gikk på landsemski i heile si karriere, har også fått ein sentral plass.

I utstillingane kan du sjå filmar med en total spilletid på 70 minuttar.  Skifabrikkmaskiner inngår også i utstillinga.

I dei skiftande utstillingane finn du Magnar Ingebrigtslis komplette premiesamling, og det vises kler og effektar, blant anna Edvin Lansdsems OL-antrekk frå 1952 og 1956, samt Harald Grønningens OL-antrekk frå Squaw Valley i 1960.