Pakk badetøyet! Nordmøre vert varmare enn Puerto Rico på Gran Canaria dei neste dagane. Ein kan vente seg tropenetter, blå himmel og høge badetemperaturar. Til helga vert det noko dårlegare vêr, så det gjeld å nyttje høvet no!

Svisholmen i Stangvik kan blant anna skilte med fotballbane, leikeplass, svaberg, stupebrett og sandstrand. – Men eg kjem hit mest fordi det er så fine damer, gliser Jo Inge Nes, Stangvikgarding frå Sunndalsøra. – Nei, det kan du ikkje seie, skyt kona Lillian Sæther Nes inn. – Svisholmen har alt, leikeplass, grillplass og fotballbane. Det er utruleg artig for ungane å vere med hit, seier ho.

Ho ligg snøkvit langs fjorden, Kalkstranda i Surnadal. Men dei neste dagane vert det lite som minner om snø på stranda. Med temperaturar opp mot 29 grader vert det varmare i Surnadal enn på stader som Kanariøyane, Porto og Malta. Kalkstranda er kjent for varme badetemperaturar og god stemning. Og det finst blant anna stupetårn.

Kjært vatn har mange namn. Det gjeld også Iggeltjønna/Igeltjønna/Igletjønna/Igltjønna/Tjønna i Rindal. Vatnet ligg flott til i prima turområde, med stupebrett, grillplass, strandplass og teltplass. Rindalingane er med rette stolt av den flotte Tjønna. Den friske badeplassen kan måle seg med dei fleste sydenstrendene, her vert det opp mot 28 gradar dei neste dagane.

Fuglane veljar seg Eidsvågleira i Nesset. Det har vorte observert heile 90 fugleartar på plassen. Med badeplass og strandpromenade er Eidsvågleira også populær blant andre tobeinte. Eidsvågleira ligg flott til nær Eidsvåg sentrum. Badeplassen har nyleg vorte oppgradert, og er no tilpassa rullestolbrukarar. Om du tykkjer det er litt kjedeleg på stranda finst det kajakkutleige på staden.

Halsa er dei tre fjordanes og vassaktivitetanes land. Her kan du segle, ro kajakk og dykke. Badeplassen Fjærvika er ei real perle der ho ligg med silkemjuke strender og fantastisk utsikt. Stupetårn finst også. Dei neste dagane vert det rundt 29 gradar i Fjærvika.

Sunndalingane valfartar til Fuglvågen i Ålvundfjord, og det er slett ikkje rart. Omkransa av fjell og kransa med sandstrender ligg plassen flott til. Også her vert det varmt, rundt 29 gradar. Hugs solkrem!

Klikk på hovudbildet for fleire badebilde!