–Heilt frå starten har årets festival vore utruleg godt besøkt. 160 møtte opp på tjuvstarten i Todalen, 100 fekk med seg opningskonserten, 195 kom på Russisk aften, 100 tok turen til kyrkja laurdag og laurdag kveld kom heile 220.

På søndag var vi vel 150 på operalunsj. 85 kjøpte festivalpass for hiele helga. det er ny rekord. Dette er omtrentlege tal, vi har ikkje full oversikt enno, fortel leiar i Stangvkfestivalen, Lars Inge Kvande.

Også økonomisk har det gått strålande. –Vi har ikkje hielt oversikt enno, men eg har ei god kjensle av at vi har gått i pluss i år også, seier Kvande.

Stangvikfestivalen hadde alt med seg i år, strålande artistar og likeså sol, godt med publikum, godt sal av mat og drikke.

Kunsterisk leiar Trygve Brøske seier seg mildt sagt nøgd med årets festival. –Det har vore ein suksess! No gler eg meg til ein dag fri før eg held fram med arbeidet for Trondheim symfoniorkester. Eg gler meg til neste år, då er det ikkje festival, seier ein sliten Brøske.