Deltakarane på Underleir samt lokale krefter møtte mannsterke opp for å verkeleggjere ein draum for Ruben, som har Spielmeier vogts syndrom. -Ruben ynskja seg ein leikeplass for ungae i bygda på plassen han sjølv plar leike. Vi er i ferd med å bygge leikeplass med taubane, stiar og trehytte, fortel initiativtagar Eir Husby. Dugnaden vart verkelegheit etter ynskje frå leirdeltakarane om å gjere noko for bygda dei vitja. Dei 47 frammøtte sørga for at mykje vart gjort.

-Vi ha kome langt, men er framleis ikkje ferdige. Det vert nok ein dugnad til, då håpar eg så mange som mogleg kjem, seier Eir. Hovudpersonen sjølv er på ferie og veit ikkje noko om leikeplassen.

Dei som kjenner Ruben må passe på å ikkje avsløre den gode nyheita.

-Ruben veit ikkje noko, og vi håpar å halde det hemmeleg så det vert ei skikkeleg overraskning når han kjem heim, seier Eir.