-Det er varmt her inne, og det kjem ikkje berre frå sola. Stangvikfestivalen har strålande artistar i verdsklasse, sa ordførar Lilli Gunn Nyheim då ho opna Stangvikfestivalen fredag. Festivalen vart arrangert for ellevte gong på femten år. Opningskonserten på Prestegarden kunne by på smakebitar av den kommande festivalhelga, og for ei helg det vart.

Opningskonserten baud på tårar av fleire slag. Ikkje eit auge var tørt under framføringa av Daniil Kharms verk av Marianne Meløy, Håkon M Johansen og Håvard Lund. Lattertårane trilla då orda til den meisterlege surrealisten Kharms trilla over publikum.

Romantikk vart det også, av den fløyelsmjuke sorten. Friarane Ann-Helen Moen og Trond Halstein Moe sang til, kring og rundt kvarandre gjennom opne glas og eit rørt publikum. Samtidsmusikk har ein plass djupt i sjela til Stangvikfestivalen. Meisterlege Else Bø, Sigrid Stang og Marianne Baudouin Lie utgjer Alpace Ensemble. Dei framførte spanande samtidsmusikk, trioen Groundings av Ellen Lindquist. Seinare fredag kveld var det kunstutstilling og Russisk aften i Bondehuset.

Laurdag var bornas dag. Fantastiske Unni Løvlid bemerka seg gjennom heile festivalhelga som ein brilliant folkemusikksongar. På laurdag song ho med borna i Bondehuset, og sjeldan har vel flottare trollsong trilla over Stangvikfjorden.

Utrulege Jaap den Hertog spela eit stort drama på det som må vere verdas minste scene. I titteskåpteateret kunne borna (og nokre vaksne) sjå kva som hendte då Kalla mista koseputa si i Paris.

Kyrkjekonserten laurdag kveld trakk hordar til herrens hus. Framsyninga I førsommarens fang, tok for seg samfunnsengasjement og salmesong med ein nynorsk brodd.  Seinare på kvelden var det duka for meir ugudelege aktivitetar i Bondehuset. Framsyninga Svart natt i Stangvik baud på David Bowie og brotsverk. Konserten starta med ei strålande Ziggy Stardust-tolking av musikarane i Alpaca Ensemble og Andreas Elvenes. Nok ein gong stadfesta Alpaca Ensemble sin posisjon i norsk samtidsmusikk, Bowie sjølv burde verte djupt smigra.

Rasmus Rohde og Stangvikfestivalens beste band underheldt born og unge på dagen på laurdag. På kvelden var det duka for Rasmus og Stangvikfestivalens skumlaste band. Rohde har vore i arkiva og rota fram gamle skillingsvisar om brotsverk som han har skreve ny musikk til. Sjeldan har vel forteljingar om drap vore så svingande.

Søndag stod i gledas namn. Mat- og fotballglede freista mange. Maten og musikken på Operalunsjen var av suveren kvalitet, det same kan ikkje seiast om fotballspelinga.