Rapporten er ein høyringsrapport til Statskrafts revisjonsdokument for Folla-Vindøla reguleringa.

- Rapporten frå Statkraft, som kom ut i mars, er mildt sagt syltynn, seier Kjell Lund. Det er han, Ola Tellesbø og Jan Sundqvist som står bak rapporten.

Statkraft driv kraftverket på Harang etter reguleringar fastsett i 1962, noko som kan vise seg katastrofalt for villaksen.

- Eg har fiska i Surna i 25 år, og sett utviklinga, både i elva og i bygda. Der det før var fullt av tilreisande er det no tomt. Elva og fisket betyr mykje, også for det lokale næringslivet, seier Jan Sundqvist.

Fiskeraksjonen framstiller sju punkt med konkrete vilkår for Folla-Vindøla reguleringen.

1. Ein konstant minstevassføring i Rinna på 1,35 kubikkmeter i sekundet frå luka i Rinna dam.

2. Ein konstant minstevassføring på 0,8 kubikkmeter i sekundet i Bulu frå inntaket før takrenna.

3. Ein konstant minstevassføring på 5 kubikkmeter i sekundet i Folla gjennom lukane i Follsjø dam, noko som i lag med punkt 1 og 2 kjem til å høyne vasstemperaturen nedanfor kraftverket.

4. Det skal, i lag med vårflommen, skapast ei vassføring på minst 120 kubikkmeter i sekundet for å flytte på og spyle ut sediment. Hardt sediment kan behøvast å verte brutt opp gjennom harvning.

5. Adaptiv-og effektkøyring skal forbys.

Punkt 6 og 7 omhandlar moglegheitane og konsekvensane av ei god gjennomføring av punkt 1-5.

6. Gjennomførast punkt 1-5 vil den naturlege elva reparere seg sjølv,  og utsett fisk frå klekkeri vil då vere direkte øydeleggjande for villaksen i Surna og bør derfor forbys.

7. Det kjem til å vert ein reduksjon i kraftproduksjon på 3 prosent i og med at dei foreslåtte tiltaka kjem til å medføre ein reduksjon i kraftproduksjon på opp not 7 prosent, samtidig som ein har ein gjennomsnittleg auking i nedbør på 4 prosent.

- Desse foreslåtte vilkåra er eit absolutt minimum for at konsesjonsvilkåra skal overhaldast, og samtiding vareta laksestammens framtidige eksistens i Surna, står det i rapporten.

- Med denne rapporten gjer vi allmenheita kunnskap som ammunisjon, seier Jan Sundqvist.