Det vart mista ein kjempelaks i ein høl ved Advokaten i Surna i går, tysdag. Før bannorda hadde lagt seg kasta Martinsen ut ein sluk og sette fast sluken i botnen, trudde han.

Botnen rørde seg mot Øvre Sæter, og Mathinsen innsåg at det var storlaks på kroken. -Då kan du tru eg fekk høg puls! Laksen gjekk frå Advokaten mot Øvre Sæter, og etter ein halvtime med hard kamp fekk vi landa han, fortel Marthinsen. Det første som vart sjekka, var kjønn. -Eg vart så glad då eg såg den store kjeven som viste at det var ein hannlaks. Hadde det vore ein holaks hadde eg måtte sleppe ho ut igjen, seier ein letta gladlaks.

Sluken, ei ny og blank raud Møresild, var prega etter kampen. -Ein krok var brote av og ein anna var retta ut. Fisken satt så vidt fast, så det var utruleg bra vi fekk han på land då vi gjorde, seier Marthinsen. Vekta stoppa på 17,9 kilo. -Det er personleg rekord med god margin, fortel fiskaren.

No nyt Oddvar Mathinsen livets glade dagar på  Nygarden Lodge. -Eg gjer meg på topp, og tek eit pause frå fiskinga no. Alt anna vert antiklimaks etter den her opplevinga, seier han. Marthinsen og fiskargjengen hans er på Nygarden Lodge på tredje året, -Vi har fiske i Surna fire år på rad, det fyrste året budde vi på Røv.

Laksen sett årsrekord i Surna. Fiskarane frå Østlandet har hatt meir hell med seg i ei vanskeleg elv. -Ja, i dag fekk ein av oss ein fin laks på 8,7 kilo, fortel Marthinsen. Laksen kjem Marthinsen til å røyke sjølv. -Han vert nok fin julemat, seier han.