Sunndal J19 kom til finalen i fjor, men i år hadde Lyn marginane med seg. I dag vart den siste dagen på Norway Cup for Sunndalsjentene.

Motbakke og motvind

-Vi kjempa i motbakke og motvind den fyrste omgangen, så det var ikkje så sjokkerande at Lynd leda 1-0 til pause. Etter pausen, då vi fekk medvind, utlikna vi midt i andre omgang, fortel trenar Egil Hordnes. Sju minutt før slutt fekk Lyn nettkjensle, og skåra kampens siste og avgjørande mål.

-Det er klart vi ville kome til finalen, og laget er litt deppa no. Denne gongen var ikkje marginane og hellet med oss, seier Hordnes.

-Kva følar du no?

-Eg kjenner meg tom. Vi ville så gjerne kome til finalen i år også. Men laget vi spelte med i år er et ungt lag, eg er heitl sikkert på at vi vinn og tek med storpokalen heim innom to år! seier Hordnes.

Målskårar for Sunndal var Oda Solheim Johnsen.

Alle lag frå Nordmøre er no ute av Norway Cup.