Bestefar Øyvind Holte fyller i desse dagar 70 år, og har invitert vener og familie til storfeiring.

–Ja, eg og nokre gjestar satt og åt frokost ved elva, men Lars ville heller fiske. Han fekk på fisk på eiget vall, Holte-vallet, fortel Øyvind.

Snella hylte, men hjelpa var ikkje langt unna. – Ein fiskar som stod litt nedanfor Lars kom til unsetning og hjalp til å stille bremsen på snella, fortel Øyvind.

Fiskarar på begge sidane av elva slutta å fiske då Lars fekk napp, og då fangsten var eit faktum braut gleda ut.

–Fiskarane stod og applauderte, og Lars var mildt sagt nøgd, fortel Øyvind. Hannlaksen veide heile 5,2 kilo, noko som ikkje berre er personleg rekord for Lars, men årsbeste så langt i vallet.

Entusiast

–Han Lars har vore utruleg fiskeinteressert i fleire år, og fått mange fine aurar opp gjennom, fortel ein stolt bestefar Øyvind. Kor Lars har fått fiskeinteressa frå er vel ikkje noko stort mysterium for dei som kjenner bestefaren.

Resten av søndag og morgonen måndag tek den unge storfiskaren ei ufrivillig pause frå laksefisket.

–Ja, grensa er på ein laks i døgnet, så no har Lars karantene. Men han gir seg ikkje, det var snakk om å satse på aure til karantena vert oppheva, flirer Øyvind