Innlandsklimaet i Eikesdal gjorde at det faktisk  var bra ver utan regn under Eikesdalsdagane i helga.

Dermed også bra med folk under markedsdagen laurdag. Rundt 20 utstillere var på plass. Alt frå husflid til spekepølser, ost, brukskunst og salg av ymse nyttige produkt. Ja enkelte lag som Nesset Fjellstyre og Molde og Romsdals Turistforeninga var også tilstades.

På Galleri Eikesdal hadde Elena Finset i år eiga utstilling saman med Marit Wadsten. Og på ferja hadde Iver Gjelstenli to foredrag med bilder frå kortreiste turar.

Laurdagskvelden var det fest med Nerli There og søndag var det gudsteneste oppe i Mardalen under Mardalsfossen.

Andeløp er alltid populært og det var i år selt over 500 ender som vart slept i elva Aura. Her var det Gunnar Meisal som stakk av med hovedpremien på 10.000,- kroner. Elles gjekk andreplassen til Magne Stavik med 3000 kroner og tredjeplass til Per M. Harholt på 2000 kroner.

I kanokonkurransen var det Eikesdal med Rebecka Oppigard Lars Kristian Finnset  stakk av med vandrepokalen til odel og eige.

Premieutdelinga for Aursjøen Opp var frå hovedscena. Der fekk også kreftforeninga overrekt ein sjekk på 10.000,- kroner i prosjektet «Sykle for livet». Det var kreftkoordinator Liv Skjørseter Johansen som mottok gava.

Det er den driftige og dyktige gjengen frå Norsk Folkehjelp avd. Nesset som er arrangør av Eikesdalsdagane saman med bygdelaget. Dei sørga også for salg, god mat og middag.