Ola Sylte søkjer om å få fradelt ei boligtomt på eigedomen sin. Der boligen skal stå har det tidligare stått eit hus. Tomta grenser til dyrkamark. Rådmannen i Surnadal kan ikkje sjå ulempar ved ei fradeling til boligbygging.

Fylkesmannen har derimot klaga på det positive vedtaket til rådmannen. Fylkesmannen meiner at jordbruksarealet i Nedre Surnadal er så viktig at det har både regional og nasjonal verdi, og må forvaltast deretter.

Ei slik sak, skriv fylkesmannen, kan også gje presedensverknad som kommunen kan få utfordringar med å styre etter i liknande tilfelle i framtida. Fylkesmannen meiner og den som bygger boligen kan bli plaga av sjenerande lukt.

- Etter ei samla vurdering vil vi rå sterkt ifrå ein dispensasjon som omsøkt, og vil vurdere å klage på eit positivt vedtak, seier fylkesmannen.

Rådmannen held på sitt. Tomta er, seier han, ei tidlegare boligtomt. Etter rådmannens vurdering er fordelane med tiltaket større enn ulempene av å ikkje gi løyve. Det er fleire boligar i nærheten som kan seiast å ha like kort avstand til dyrka mark.

- Hensyna som kommuneplanen sin arealdel skal ivareta blir ikkje vesentleg sett til side som følge av å tillate salg av eigedomen til boligformål, meiner rådmannen.

Sidan rådmannen har oppretthelde sitt vedtak etter klage skal saka vurderast av settefylkesmann. Surnadal kommune har enno ikkje fått svar på når saka kan vere ferdig behandla.