Norges Mållag håpar regjeringa innfrir når dei no legg fram ei ny språklov for å styrke hovudmål og sidemål i skulen ved at ein startar tidligare med opplæringa i skulen. Forslaget legg også opp til å styrke minoritetsspråka og samisk. Regjeringa startar arbeidet med Venstre i regjering og mållaget er glad for at Venstreleiar Trine Sklei Grande lovar ein svært aktiv språkpolitikk.

- Det er svært bra at regjeringa vil styrkje opplæringa i både hovudmål og sidemål for dei yngre stega. Formuleringa er likevel svært open, og no kviler det eit stort ansvar på regjeringa for at dette blir omsett i praktisk politikk som gjev meir språkleg rettferd, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.

Mållaget hadde tidlegare start med sidemål som si viktigaste sak i innspela til ny regjeringsplattform, og organisasjonen er glad for at dette no blir følgt opp.

- Det er viktig at ikkje forsøksordningar blir brukte til å uthole den generelle språkpolitikken, minner Aasbrenn om.

Han er også glad for at arbeidet med språklov no skyt fart.

- Landet vårt treng ei ny språklov, og vi er svært glade for at regjeringa legg til grunn at ho skal byggje på jamstilling mellom nynorsk og bokmål, seier Magne Aasbrenn.

Under presentasjonen av plattforma sa Venstre-leiar Trine Skei Grande at landet kan vente seg ein «veldig aktiv språkpolitikk».

- Dette er svært positive takter. Det er ei lang rekkje saker som må løysast, og som ikkje er nemnde i regjeringserklæringa. Norskopplæring på nynorsk for vaksne innvandrarar i nynorskkommunane og ein språkdelt ungdomsskule er to slike saker, seier Aasbrenn.

Han er også glad for at regjeringa vil følgje opp NOU-en «Hjertespråket» om vilkåra for samisk språk, og for at også dei nasjonale minoritetsspråka skal sikrast gode vilkår.