Statens vegvesen sine fartsmålinger frå september i fjor i 40-sona forbi skuleområdet på Øye i Surnadal viser at 85 prosent av dei som blei målt heldt ein fart på 55 kilometer i timen eller lågare. 15 prosent køyrde fortare. Blir dette resultatet i målinga som startar i vår, kjem det fartsdemparar i 40-sona.

- Farta er for høg, sjøl om gjennomsnittet lå på 45. Vi må ned på 40 om vi ikkje skal anlegge fartsdemparar, seier saksbehandlar Erna Varhaugvik i Statens vegvesen region midt.

40-sona forbi skuleområdet på Øye har kome på grunn av stor trafikk inn og ut av skuleområdet ved skulestart og slutt. Det er tre skular med tilsaman fleire hundre elevar. Bilar, bussar, mopedar, syklistar og gåande trengast saman på eit lite område og risikoen for ulykker er stor. Derfor blei området i fjor til ei 40-sone.

- Målingar i 60-sona viste ei fart på 63 kilometer i timen, seier Varhaugvik

Dei som observerer trafikken i området ser at farta på kjøretøya i 40-sonen er redusert i forhold til tidligare. Kankskje er førarane i ferd med å komme ned til 40 kilometer i timen. Kanskje var målinga 8.- 20. september i fjor for tett innpå hastighetsnedsettelsen i august. Varhaugvik håpar det fordi fartsdemparar og vil ha sine ulempar.

- Bussane og tungtrafikken får det vanskeligare med fartsdemparar, men viser målingane til våren for mykje over 40, blir nok demparar ein realitet, seier Varhaugvik.