På Eidet i Surnadal er det eit par kavlevegar Riksantivaren og Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å ta vare på. Riksantikvaren bevilger for 2018 370.000 kroner til arbeidet. Møre og Romsdal fylkeskommune gir 20.000 pluss 14.000 i eigeninnsats. Surnadal kommune ønsker å gjere vegande kjent ved å lage kulturstiar.

Åsen bygdemuseum blir utgangspunkt for kulturstiane. Bygdemuseet er eit tradisjonelt friluftsmuseum med samling av bygningar frå ulike tidsepokar og utstillingar med gjenstandar av lokaltilknyting.

Riksantikvaren finn prosjektet støtteverdig fordi det ikkje tidlegare har vore gjort skilting, skjøtsel eller tilrettelegging av kavlvegane i Surnadal. Kavlvegane daterer seg tilbake til vikingetida. Vikingana brukte vegane til å dra skipa sine på. Ein kjent kavlveg er på Eidsøra i Nesset.

Ved helleristningsteinen på Åsen står det ei gammal tretavle med plastskilt. Kommunen og bygdemuseet vil på sikt etablere ein skilta kultursti i dette området, med startpunkt på bygdemuseet.

Tanken er at turen skal være skilta, og at ein skal kunne lære og lese om kavlvegane si historie, om helleristningsteinen, om den Trondhjemske postveg og andre kulturminne i området som det er naturleg å ta med.

Riksantikvaren meiner det er ein moglegheit til å løfte fram ein type kulturminne som er relativ ukjent og utilgjengeleg for folk flest,og det er ein styrke å ha bygdemuseet som utgagnspunkt for kulturstien.

- Både kommunen og museet ser at denne koplinga vil gi meirverdi for både kultursti og museum, seier riksantikvaren.