Tidlegare i haust kom Svein Sæter ut med boka "Kongen av Spitsbergen". Forfattaren har vore invitert rundt i heile distriktet for å fortelje om boka som tek for seg for seg skjebna til Einar Sverdrup  som sette livet til under i kampen mot okkupasjonsmakta.

Einar Sverdrup (1895–1942) vart direktør for Store Norske Spitsbergen Kulkompani. Gruvene ved Longyearbyen - og byen sjølv - blei livsverket hans. Ingenting kunne stanse Einar Sverdrup. Familien var full av framståande politikarar, prestar, polfararar, poetar og pressemenn.

Historia om Sverdrup vitnar om vilje, mot og pågangsmot. Hausten 1941 vart han rasande då britane tvangsevakuerte Longyearbyen; alle menneska i ein norsk småby blei stappa om bord i krigsskip og sende til Storbritannia, medan byen og gruvene blei herja og husdyra slakta for fote.

I mai 1942 leidde Sverdrup ein militær operasjon for å fri Spitsbergen frå Nazi- Tyskland. 13. mai 1942 omkom han og 13 medsoldatar, då ekspedisjonsskipet «Isbjørn» blei senka av tyske fly.

- Eg har fått mange gode tilbakemeldingar på dei stadene eg har vore og fortalt om boka. Sterke historier gjer inntrykk på folk sjøl om dei ikkje er lokale. Salet av boka har gått som forventa, seier Sæter - som var å treffe i Amfisenteret på Sunndalsøra tysdag. Mange nytta høvet til å sikre seg ei signert bok av forfattaren.