Dei store radiokanalane har, som kjent, meldt flytting frå FM-bandet til DAB+ frå onsdag av. Dei som har berre vanlege radioar, heime eller i bil, blir ikkje med på flyttelasset og hører ikkje lenger stemmer; om dei da ikkje  er av sorten som talar med seg sjølv. Og slik einetale gjer at ein sjeldan blir overraska over korleis samtalen artar seg.

Vil du framleis bli overraska, og har tilgang til ein cd-spelar i bilen, her er tipset som gjer livet både meir spennande og rikare om du er «radiolaus» frå tysdag av: lån deg ei lydbok på Surnadal folkebibliotek. Det oppmodar biblioteket i ei pressemelding.

Dei mest populære bøkene er lese inn på cd-plater av folk som kan slikt, og vips! gler du deg til bilturen på arbeid. Ja, pendlar du t.d. frå Røv til Todalen kvar dag, ser vi ikkje bort frå at du legg inn ein avstikkar om Stangvika berre for å høre ferdig kapittelet du held på med – i alle fall når det er på det mest spennande.

Men det treng du altså ikkje gjera: opplesaren ventar trufast på deg inni cd-spelaren, tek seg kanskje ein kaffepause til du skal ut med bilen igjen og les vidare neste gong du er på arbeidsveg.

Surnadal folkebibliotek har eit bra utval av lydbøker på hovudbiblioteket på Skei. Og om du ikkje finn akkurat boka du sjølv vil ha, vil vi få tak i den til deg (med atterhald om at den har kome som lydbok).

Du treng ikkje DAB+ for å gjera arbeidsreisa underhaldande: du treng biblioteket!